Teiknelinja

Teiknelinja inneheld ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.

Verktøylinja «Teikning» kan også visast i eit tekstdokument eller eit rekneark. Dei synlege knappane kan vere ulike, avhengig av kva dokumenttype du arbeider med.

Vel

Bruk Vel på teiknelinja og klikk på eit objekt for å velja det.

Hald nede Shift-tasten medan du klikkar på objekta dersom du vil velja fleire enn eitt objekt om gongen.

Hald nede og klikk på objektet for å velja eit objekt som ligg bak eit anna. For å velja neste objekt i stabelen, held du nede og trykkjer igjen. Hald nede Shift + og trykk for å gå tilbake til det førre valde objektet.

Du kan leggja til tekst på eit valt objekt ved å dobbeltklikka på det og skriva eller lima inn teksten.

Trykk Escape eller utanfor det valde objektet for å fjerna ei merking.

Med dobbeltklikk kan du bruka eit verktøy til fleire oppgåver. Dersom du berre klikkar éin gong, går verktøyet tilbake til den førre oppgåva etter at denne er ferdig.

Utval

Gjer det mogleg å velja objekt i dette dokumentet.

Ikon

Utval

Rektangel

Teiknar eit fylt rektangel der du dreg med musa i teikninga. Trykk der du vil leggja eit hjørne og drag rektangelet så stort du vil ha det. Du kan halda nede Shift medan du dreg dersom du vil teikna eit kvadrat.

Ikon

Rektangel

Ellipse

Teiknar ein fylt ellipse der du dreg med musa i teikninga. Trykk der du vil teikna ellipsen og drag han så stor du vil ha han. Du kan halda nede Shift medan du dreg dersom du vil teikna ein sirkel.

Ikon

Ellipse

Tekst

Lag ei tekstramme på den staden i dokumentet der du klikkar eller dreg. Trykk kvar som helst i dokumentet og skriv eller lim deretter inn teksten.

Ikon

Tekst

Kurve

Kurveknappen på teiknelinja opnar verktøylinja Linjer, der du kan leggja til linjer og former i lysbiletet.

Ikon

Kurve

Sambandslinjer

Ikon

Sambandslinje

Opna verktøylinja for samband. Ved å bruka denne kan du leggja samband til objekta i lysbiletet. Eit samband er ei linje som koplar saman to objekt og held fram å hengja saman når objekta vert flytte. Dersom du kopierer eit objekt med eit samband, vert sambandet òg kopiert.

Linjer og piler

Opnar verktøylinja «Pilspissar» som set inn linjer og pilspissar.

3D Objekt

Opna verktøylinja for 3D-objekt der du kan leggja 3D-figurar til dette lysbiletet.

Ikon

3D-objekt

Enkle former

Opnar ei verktøylinje for former som du kan bruka til å setja bilete inn i dokumentet.

Ikon

Enkle former

Symbolformer

Opnar verktøylinja for symbolutforming som du kan bruka til å setja bilete inn i dokumentet.

Ikon

Symbolformer

Blokkpiler

Opnar verktøylinja for blokkpiler som du kan bruka til å setja inn bilete i dokumentet.

Ikon

Blokkpiler

Flytdiagram

Opnar verktøylinja for flytdiagram som du kan bruka til å setja inn bilete i dokumentet.

Ikon

Flytdiagram

Snakkebobler

Opnar verktøylinja med snakkebobler som du kan bruka til å setja bilete inn i dokumentet.

Ikon

Snakkebobler

Stjerner og banner

Opnar verktøylinja for symbolutforming som du kan bruka til å setja bilete inn i dokumentet.

Ikon

Stjerner

Punkt

Her kan du redigera punkta i teikninga.

Festepunkt

Her kan du redigera festepunkta i teikninga.

Fontwork

Opnar dialogvindauget for Fontwork slik at du kan setja inn tekstutformingar som ikkje er tilgjengelege i standardformateringane for tekst.

Ikon

Fontworkgalleri

Frå fil

Set eit bilete inn i det gjeldande dokumentet

Ikon

Bilete

Set inn

Ikon

Set inn

Roter

Dette verktøyet vert brukt for å rotera objekt.

Ikon

Roter

Justering

Endrar justeringa av valde objekt.

Ikon

Justering

Still opp

Endrar oppstillingsrekkjefølgja for eit valt objekt.

Ikon

Still opp

3D-effekt på/av

Slår på eller av 3D-effektar for dei valde objekta.

Animasjonspanelet

Tilordnar effektar til dei valde objekta.

Ikon

Tilpassa animasjon

Samhandling

Vel korleis det valde objektet skal oppføra seg når du trykkjer på det under ei framvising.

Ikon

Samhandling