Tekstformateringslinja

Plasser skrivemerket i eit tekstobjekt for å få fram Tekstformateringslinja.

Skriftnamn

Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.

Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver LibreOffice dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.

Ikon

Skriftnamn

Skriftstorleik

Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.

Halvfeit

Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.

Ikon

Halvfeit

Kursiv

Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.

Ikon

Kursiv

Understreking

Understrekar eller fjernar understreking frå teksten.

Ikon

Understreka

Skriftfarge

Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna. Du kan også klikka her og laga ei markering for å endra tekstfargen. Klikk på pila ved sida av symbolet for å opna verktøylinja for skriftfarge.

Ikon

Skriftfarge

Venstre

Justerer avsnitta til venstre marg.

Ikon

Venstrejustert

Midtstilt

Midtstiller det merkte avsnittet.

Ikon

Høgre

Justerer avsnitta til høgre marg.

Ikon

Høgrejustert

Blokkjuster

Blokkjusterer dei valde avsnitta til begge margane. Du skal også kunne setja opp justeringsinnstillingar for den siste linja i eit avsnitt ved å velja Format → Avsnitt → Justering.

Ikon

Blokkjustert

Større avstand

Trykk på Større avstand for å gjera avstanden til avsnittet over større.

Ikon

Større avstand

Mindre avstand

Trykk på Mindre avstand for å gjera avstanden til avsnittet over mindre.

Ikon

Mindre avstand

Punktmerking på/av

Legg til eller fjern punktmerke i dei valde avsnitta.

Ikon

Punktmerking på/av

Teikn

Endrar skrifta og skriftformateringa til teikna.

Ikon

Teikn

Avsnitt

Endrar formateringa av avsnittet, slik som innrykk og justering.

Ikon

Avsnitt

Støtte for asiatiske språk

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Tekst frå venstre mot høgre

Vel den vassrette tekstretninga.

Ikon

Tekstretning frå venstre mot høgre

Tekst ovanfrå og ned

Bestemmer den loddrette tekstretninga.

Ikon

Tekst ovanfrå og ned

Større skrift

Aukar skriftstorleiken på den valde teksten.

Mindre skrift

Minkar skriftstorleiken på den valde teksten.