Set inn

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å setja inn nye element i dokumentet. Du kan for eksempel bruka desse funksjonane til å setja inn bilete, objekt, spesialteikn og andre filer.

Kopier lysbilete

Set inn ein kopi av lysbiletet etter det gjeldande lysbiletet.

Utvid lysbilete

Lag eit nytt lysbilete frå kvart disposisjonspunkt på toppnivå (tekst på eitt nivå under tittelteksten i disposisjonsvisinga) i det valde lysbiletet. Disposisjonsteksten vert då tittelen på det nye lysbiletet. Disposisjonspunkt under toppnivået på originallysbiletet vert flytte opp eitt nivå på det nye lysbiletet.

Samandragslysbilete

Lag eit nytt lysbilete som inneheld ei punktliste med titlane på lysbileta som kjem etter det valde lysbiletet. Denne oversiktssida vert sett inn etter det siste lysbiletet.

Sidetal

Legg til lysbiletnummeret eller sidetalet.

Dato og klokkeslett

Legg til datoen og tida som eit felt.

Felt

Viser vanlege felt som du kan setja inn i lysbiletet.

Merknad

Set inn ein merknad rundt den merkte teksten eller der markøren er.

Spesialteikn

Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.

Formateringsteikn

Opnar ein undermeny for å setja inn spesielle formateringsteikn som hardt mellomrom, mjuk bindestrek og mjukt linjeskift.

Hyperlenkje

Opnar eit dialogvindauge der du kan laga og redigera hyperlenkjer.

Animasjon

Lagar ein tilpassa animasjon for lysbiletet. Du kan berre laga animasjonar ut frå objekt som finst frå før.

Tabell

Set inn ein ny tabell i det gjeldande lysbiletet eller den gjeldande sida.

Media

Undermenyen inneheld ulike kjelder bilete, audio og video kan setjast inn frå.

Lyd eller video

Set inn ei video- eller lydfil i dokumentet.

Objekt

Set eit innebygd objekt inn i dokumentet. Objektet kan vere formlar, 3D-modellar, diagram og OLE-objekt.

Diagram

Set inn eit diagram.

Flytande ramme

Set inn ei flytande ramme i det gjeldande dokumentet. Flytande rammer vert brukte i HTML-dokument for å visa innhaldet i ei anna fil.

Fil

Set inn ei fil i det aktive lysbiletet. Du kan setja inn LibreOffice Draw- eller Impress-filer, tekst frå eit HTML-dokument eller ei tekstfil.

Topp- og botntekst

Legg til eller endra tekst i plasshaldarane på toppen og botnen av lysbilete og hovudlysbilete.