Menyar

Denne sida viser hjelpeemna for menyar og dialogvindauge.

Merknadsikon

Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.


Åtvaringsikon

Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.


Fil

Desse funksjonane vert brukte på det gjeldande dokumentet, opning av nye dokument og avslutting av programmet.

Rediger

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å endra innhaldet i dokumentet.

Vis

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å bestemma korleis dokumentet vert vist på skjermen.

Set inn

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å setja inn nye element i dokumentet. Du kan for eksempel bruka desse funksjonane til å setja inn bilete, objekt, spesialteikn og andre filer.

Format

Inneheld funksjonar du kan bruka til å formatera utforminga og innhaldet i dokumentet.

Lysbilete

Denne menyen vert brukt for handsaming av lysbilete og funksjonar for navigering.

Lysbiletframvising

Inneheld funksjonar og val for lysbiletframvising.

Verktøy

Inneheld staveverktøy, ei biletsamling og verktøy for tilpassing av menyar og programinnstillingar.

Vindauge

Inneheld funksjonar du kan bruka til å endra og visa dokumentvindauge.

Hjelp

Frå hjelpemenyen kan du opna og bla i hjelpesystemet for LibreOffice.