Omgjering av bilete til vektorgrafikk

Du kan endra storleiken på vektorgrafikk utan at kvaliteten på biletet vert dårlegare. I LibreOffice Draw og Impress kan du gjera om eit bilete til vektorgrafikk.

  1. Merk biletet du vil gjera om.

  2. Gjer éin av desse:

    I LibreOffice Draw, vel Endra → Gjer om → Til mangekant.

    Høgreklikk på objektet i LibreOffice Impress og vel Konverter → Til mangekant.

  3. Set innstillingane for konvertering av biletet og klikk OK. Sjå Konverter til mangekant for ein omtale av dei ulike vala.