Kopiera lysbilete frå andre presentasjonar
Du kan setja inn lysbilete frå ein annan presentasjon i den gjeldande presentasjonen. Du kan også kopiera og setja inn lysbilete mellom presentasjonar.
Slik set du inn eit lysbilete frå ein annan presentasjon:
-
Opna ein presentasjon og vel Vis → Normal.
-
Vel Set inn → Fil.
-
Finn presentasjonsfila som inneheld lysbiletet du vil setja inn og trykk Set inn.
-
Trykk på plussteiknet ved sida av ikonet for presentasjonsfila og merk så dei lysbileta du vil setja inn.
-
Trykk OK.
Slik kopierer du og set inn lysbilete mellom presentasjonar:
-
Opna presentasjonane du vil kopiera og setja inn mellom.
-
Vel Vis → Lysbiletsortering i presentasjonen som inneheld dei lysbileta du vil kopiera.
-
Merk lysbileta og vel Rediger → Kopier.
-
Byt til presentasjonen du vil setja inn lysbileta i og vel Vis → Normal.
-
Merk lysbiletet som skal vera framføre det kopierte lysbiletet og vel Rediger → Set inn.