Laga eit flytdiagram

Slik lagar du eit flytdiagram:

  1. Vel eit verktøy frå verktøylinja Flytdiagram på verktøylinja Teikning.

  2. Dra ein figur på lysbiletet.

  3. Gjenta dei siste stega for å leggja til fleire figurar

  4. Opna verktøylinja Sambandslinjer på verktøylinja Teikning og vel ei sambandslinje.

  5. Flytt peikaren over kanten av ein figur slik at sambandspunkta vert viste.

  6. Trykk på ein sambandsstad, dra til ein sambandsstad på ein annan figur og slepp.

  7. Gjenta dei siste stega for å leggja til fleire sambandslinjer.

Nå har du den vanlege disposisjonen for flytdiagrammet.

Slik legg du til tekst til figuren på flytdiagrammet

Gjer éin av desse:

Slik legg du til ein fyllfarge i ein figur:

  1. Merk figuren og vel Format → Område.

  2. Vel Farge og trykk på ein farge i lista.

Slik legg du til lenkjeområde som opnar andre lysbilete:

Tildel samhandlingar for nokre objekt i lysbiletet.

  1. Merk objektet og vel deretter Lysbiletframvising → Samhandling.

  2. Vel ei samhandling i dialogvindauget. For eksempel, vel å gå til det neste lysbiletet når brukaren trykkjer på objektet.