Bruk av snøggtastar i LibreOffice Impress

Merknadsikon

Ein del av snartastane kan vera brukte av operativsystemet. Desse tastane vil i tilfelle ikkje vere tilgjengelege i LibreOffice. Du kan løyse dette problemet ved å velja andre snartastar, anten for LibreOffice ved hjelp av Verktøy → Tilpass → Tastatur eller i operativsystemet.


Du kan bruka tastaturet for å få tilgang til kommandoar i LibreOffice Impress og for å navigera gjennom arbeidsområdet. LibreOffice Impress bruker dei same snøggtastane som LibreOffice Draw for å laga teikneobjekt.

Merking av plasshaldarar

LibreOffice Impress automatiske oppsett bruker plasshaldarar for lysbilettitlar, tekst og objekt. Trykk Ctrl + Enter for å velja ein plasshaldar. Trykk Ctrl + Enter igjen for å flytta til neste plasshaldar.

Merknadsikon

Viss du trykkjer Ctrl + Enter etter at du har nådd den siste plasshaldaren i eit lysbilete, vert eit nytt lysbilete sett inn etter det gjeldande lysbiletet. Det nye lysbiletet bruker same oppsettet som det gjeldande lysbiletet.


Laga og redigera eit teikneobjekt

  1. Trykk F6 for å gå til Teiknelinja.

  2. Trykk på pil høgre til du kjem til ikonet for teikneverktøyet.

  3. Dersom det er ei pil ved sida av knappen, har knappen ein undermeny. Trykk på pil opp- eller pil ned-tasten for å opna undermenyen, og trykk pil høgre eller pil venstre for å velja eit ikon.

  4. Trykk + Enter.

    Objektet vert laga i midten av dokumentet.

  5. For å gå tilbake til dokumentet, trykkjer du + F6.

    Du kan bruka piltastane til å plassera objektet der du ønskjer. For å velja ein kommando frå sprettoppmenyen for objektet, trykk Shift + F10.

Velja eit objekt

  1. For å gå inn i dokumentet, trykk + F6.

  2. Trykk på Tabulator til du kjem til objektet du vil markera.

Under ei lysbiletframvising

Trykk Ctrl + F2 eller F5 for å byrja lysbiletframvisinga.

Gå fram til det neste lysbiletet eller til den neste animasjonseffekten

Mellomromstast

Gå fram til det neste lysbiletet utan å spela av objektanimasjonseffektar

+ Page Down

Gå tilbake til førre lysbilete

+ Page Up

Gå til eit bestemt lysbilete

Skriv inn sidenummeret for lysbiletet og trykk på Enter.

Stoppa lysbiletframvisinga

Esc eller -.

Lysbiletsortering

Når du første gongen byter til «Lysbiletsortering», trykk på Enter for å skifta tastaturfokus til arbeidsområdet. Elles kan du trykkja F6 for å navigera til arbeidsområdet og så trykkja Enter.

Merking og oppheving av merking av lysbilete

Bruk piltastane for å navigera til lysbiletet du vil merkja og trykk på mellomromstasten. Du kan leggja fleire val til utvalet ved å bruka piltastane for å navigera deg fram til lysbileta du vil leggja til og trykkja mellomromstasten igjen. Du fjernar merkinga for eit lysbilete ved å navigera til lysbiletet og trykkja på Mellomromstast.

Kopiere eit lysbilete:

  1. Bruk piltastane for å navigera til lysbiletet som du vil kopiera og trykk så Ctrl + C.

  2. Flytt til det lysbiletet der du vil setja inn det kopierte lysbiletet og trykk Ctrl + V.

Flytte eit lysbilete:

  1. Bruk piltastane for å navigera til lysbiletet du vil flytta og trykk Ctrl + X.

  2. Gå til det lysbiletet du vil flytte lysbiletet til og trykk Ctrl + V.

  3. Vel Framføre eller Etter det gjeldande lysbiletet og klikk på OK.