Importera HTML-sider inn i presentasjonar

Du kan importera alle typar tekstfiler inn i eit lysbilete – også tekst i HTML-dokument.

Slik set du inn tekst frå ei fil inn i eit lysbilete:

  1. Vel Set inn → Fil når du er i det lysbiletet du vil setja inn teksten i.

  2. Vel «Tekst» eller «HTML-dokument» som Filtype.

  3. Finn den fila som inneheld teksten du vil leggja til og trykk på Set inn.

Viss tekstfila inneheld meir tekst enn det er plass til i eitt lysbilete, kan du fordela teksten over fleire lysbilete.

  1. Dobbeltklikk i teksten som er sett inn for å gå inn i redigeringsmodus.

  2. Merk all teksten som ligg utføre det synlege lysbiletområdet og trykk + X.

  3. Vel Set inn → Ny side/nytt lysbilete og trykk + V.

  4. Gjenta eventuelt steg 1 til 3 til all teksten er set inn i lysbilete.

Lagra ein presentasjon i HTML-format