Endra bakgrunn for lysbiletet

Du kan endra bakgrunnsfargen eller bakgrunnsfyllet på det gjeldande lysbiletet eller alle lysbileta i dokumentet. Som bakgrunnsfyll kan du bruka skravering, ein fargeovergang eller eit bilete.

Viss du vil endra bakgrunnsfyllet i alle lysbileta, vel Vis → Hovudutforming for lysbilete → Bakgrunn. For å endra bakgrunnsfyllet for eitt lysbilete, vel Vis → Normal.

Slik bruker du ein farge, ein fargeovergang eller ei skravering som bakgrunn for lysbiletet

  1. Vel Format → Eigenskapar og trykk på fana Bakgrunn.

  2. I området Fyll, gjer éin av desse:

    Vel Farge og trykk så på ein farge i lista.

    Vel Fargeovergang og trykk så på ein overgangstil i lista.

    Vel Skravering og trykk på ein skraveringstil i lista.

  3. Trykk OK.

Slik bruker du eit bilete som bakgrunn for lysbiletet

Du kan visa eit heilt bilete som ein lysbiletbakgrunn, eller du kan visa biletet fleire gongar side om side for å laga ein mønstra bakgrunn.

  1. Vel Format → Eigenskapar og trykk på fana Bakgrunn.

  2. Vel bilete i området fyll og trykk på eit bilete i lista.

    Merknadsikon

    Viss du vil bruka eit eige bilete som lysbiletbakgrunn, lukk dialogvindauget Sideoppsett og vel Format → Område. Trykk på fana Bilete og deretter på Importer. Finn biletet som du vil importera, og trykk Opna. Når du returnerer til fana Bakgrunn, vil biletet som du importerte vera i lista Bilete.


  3. Gjer éin av desse:

    For å visa heile biltet som bakgrunnen, fjern krysset frå feltet Side om side i området Plassering og vel Tilpass automatisk.

    For å visa bakgrunnsbiletet side om side, vel Side om side og angje innstillingane for Storleik, Plassering og Forskyving for biletet.

  4. Trykk OK.

Denne endringa gjeld berre det gjeldande presentasjonsdokumentet.

Slik lagrar du eit hovudlysbilete som mal

  1. Vel Vis → Hovudutforming for lysbilete for å endra hovudutforminga.

  2. Vel Lysbilete → Eigenskapar eller vel ein annan formateringskommando for å endra bakgrunnen for lysbiletet. Objekt som du legg til her, vert synlege på alle lysbilete som er laga ut frå dette hovudlysbiletet.

  3. Vel Vis → Normal for å lukka hovudutformingsvisinga.

  4. Vel Fil → Malar → Lagra som Malfor å lagra dokumentet som ein mal.

  5. Skriv inn eit namn for malen. Ikkje bruk annan kategori enn «Mine malar».

Nå kan du bruka malvindauget for å opna ein ny presentasjon basert på den nye malen.