Laga animerte GIF-bilete

Du kan animera teikneobjekt, tekstobjekt og biletobjekt (bilete) på lysbileta dine for å gjera presentasjonen meir interessant. I LibreOffice Impress er det ein enkel animasjonsredigerar der du kan laga animasjonsbilete (rammer) ved å setja saman objekt frå lysbileta dine. Animasjonseffekten vert laga ved at dei statiske biletrammene vert viste ei kort stund før neste ramme vert vist.

Tipsikon

Viss du lagar ein biletanimasjon (animert GIF), kan du bestemma kor lenge kvar ramme skal visast og kor mange gongar animasjonen skal spelast av.


Slik lagar du ein animert GIF:

  1. Merk eit objekt eller ei gruppe med objekt som du vil ta med i animasjonen og vel Set inn → Animert bilete.

  2. Gjer éin av desse:

  1. Vel Bileteobjekt i området Animasjonsgruppe.

    Bruk animasjonstidslinja for å bestemma kor lenge ei ramme skal viast og kor mange gongar ein animasjonssekvens skal køyrast (løkkekøyring).

  2. Skriv inn eit rammenummer i feltet biletnummer (venstre felt).

  3. I feltet Visingstid (det midtre feltet) skriv du inn kor mange sekund ramma skal visast.

  4. Gjenta dei to siste stega for kvar ramme i animasjonen.

    Tipsikon

    Du kan førehandsvisa animasjonen ved å bruka kontrollknappane til venstre for feltet Biletnummer.


  5. Vel kor mange gongar du vil gjenta animasjonssekvensen i feltet Løkketal (høgre boks).

  6. Vel ei justeringsinnstilling for objekta i feltet Justering.

  7. Trykk på Start.