Omgjering av 2D-objekt til kurver, polygon og 3D-objekt
Du kan gjera om todimensjonale (2D-) objekt for å laga ulike former. LibreOffice kan gjera om 2D-objekt til desse objekttypane:
-
Kurveobjekt basert på Bézierkurver
-
Mangekantobjekt sett saman av rette linjestykke
-
3D-objekt med skugge og éi lyskjelde
-
3D-rotasjonsobjekt med skugge og éi lyskjelde
To typar av 3D-objekt
-
Statuslinja viser «3D-scene vald». 3D-scener er bygd opp av objekt som har dimensjonane sett med x-, y- og z-koordinat. Eksempel på dette er objekt som er sett inn med verktøylinja for 3D-objekt, rektangel, ellipsar og tekst som er laga med rektangel-, ellipse- eller tekst-knappane til venstre på verktøylinja for teikning eller andre tilpassa figurar som er omforma til 3D med sprettoppmenyen «Gjer om til 3D». Desse 3D-scenene kan leggjast til, for eksempel ved at du trykkjer F3, og objekta kan roterast i 3D. Microsoft Office kan ikkje handtera desse 3D-objekta. Når desse scenene vert eksporterte til Microsoft Office-format, vert det gjeldande 3D-objektet byt ut med eit punktbilete. Det same gjeld 3D-stolpar i diagram.
-
Statuslinja viser «Form vald». Dei tilpassa figurane kan visast i 2D-modus eller i 3D-modus. Du kan byta mellom desse når som helst. Bruk enkle former, symbolformer og dei etterfølgjande knappane på verktøylinja for å laga tilpassa figurar. Dei tilpassa figurane kan endrast med 3D-verktøylinja. Dei lagar ikkje ei 3D-scene, kan ikkje lyssetjast med meir enn eitt lys, har ingen refleksjon og ein del andre avgrensingar. Du kan omforma dei til 3D-scener, med dei er då ikkje tilpassa figurar. Tilpassa figurar i 2D- og 3D-modus kan eksporterast og importerast i Microsoft Office-format.
Slik gjer du om eit objekt til ei kurveform:
-
Marker eit 2D-objekt på lysbiletet eller sida.
-
Høgreklikk på objektet og vel Gjer om → Til kurve.
For å endra forma på objektet klikkar du på knappen Punkt på verktøylinja for Teikning og dreg i handtaka til objektet. Du kan også dra kontrollpunkta til eit handtak for å endra forma på kurven.
Slik gjer du om eit 2D-objekt til ein mangekant:
-
Marker eit 2D-objekt på lysbiletet eller sida.
-
Høgreklikk på objektet og vel Gjer om → Til mangekant.
Du kan endra utsjånaden til objektet ved å klikka på knappen Punkt på verktøylinja for Teikning og dra i handtaka til objektet.
Slik omformar du eit 2D-objekt til eit 3D-objekt:
-
Marker eit 2D-objekt på lysbiletet eller sida.
-
Klikk på knappen Utdriving på/av på verktøylinja for Teikning eller høgreklikk på objektet og vel Omform → Til 3D.
For å endra eigenskapane for 3D-objektet, kan du bruka verktøylinjene Linje og fyll og 3D-innstillingar.
For å omforma eit tekstobjekt til 3D, bruker du knappen Fontwork på verktøylinja for teikning.
Slik gjer du om eit 2D-objekt til eit 3D-dreieobjekt:
Eit 3D-dreieobjekt vert laga ved å rotera det valde objektet omkring den loddrette aksen til objektet.
-
Marker eit 2D-objekt på lysbiletet eller sida.
-
Høgreklikk på objektet og vel Gjer om → Til 3D-dreieobjekt
For å endra eigenskapane til 3D-objektet, kan du bruka verktøylinjene «Strek og fyll» og «3D-innstillingar».
Du kan rotera 2D-objektet før omforminga for å laga ein meir kompleks figur.