Piler

Opna verktøylinja Piler der du kan setja inn rette linjer, linjer med piler og målelinjer.

Tipsikon

Dersom du ønskjer det, kan du leggja til ei pil etter du har teikna ei linje ved å velja Format → Linje og så velja ein pilstil frå «Stil»-boksen.


Linje

Teiknar ei rett linje. For å endra retninga på linja i steg på 45 grader held du nede «Shift» medan du dreg med musa.

Ikon

Linje

Linje som sluttar med pil

Teikn ei rett linje som sluttar med ei pil. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.

Ikon

Linje som sluttar med pil

Linje med pil/sirkel

Teikn ei rett linje som startar med ei pil og sluttar med ein sirkel. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.

Ikon

Linje med pil/sirkel

Linje med pil/sirkel

Teikn ei rett linje som startar med ei pil og sluttar med eit kvadrat. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.

Ikon

Linje med pil/sirkel

Linje (45°)

Teikn ei rett linje der retninga er avgrensa til steg på 45 grader.

Ikon

Linje (45°)

Linje som sluttar med pil

Teikn ei rett linje som startar med ei pil.Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.

Ikon

Linje som sluttar med pil

Linje med kvadrat/pil

Teikn ei rett linje som startar med ein sirkel og sluttar med ei pil. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.

Ikon

Linje med kvadrat/pil

Linje med kvadrat/pil

Teikn ei rett linje som startar med eit kvadrat og sluttar med ei pil. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.

Ikon

Linje med kvadrat/pil

Målelinje

Teiknar ei linje med endemerke som viser målet på pila. Målelinjer reknar automatisk ut lengder ut og viser dei. Du teiknar ei målelinje ved å opna verktøylinja Piler og trykkja på knappen Målelinje. Flytt peikaren til der du vil at linja skal byrja og dra for å teikna målelinja. Slepp museknappen når du er ferdig.

Tipsikon

Dersom du ønskjer at målelinja skal ha same lengda som sida i eit nærligjande objekt, held du nede tasten medan du drar linja. For å halda linja på 45 grader, held du nede tasten Shift medan du drar linja.


I LibreOffice Draw vert ei målelinje alltid sett inn i laget kalla Målelinjer. Dersom du har set laget til å vere usynleg, vil du ikkje sjå målelinjer på teikninga di.

Ikon

Målelinje

Linje med piler

Teikn ei rett linje med piler i begge endar. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.

Ikon

Linje med piler