3D Objekt

Opna verktøylinja for 3D-objekt der du kan leggja 3D-figurar til dette lysbiletet.

Ikon

3D-objekt

Tipsikon

For å rotera eit 3D-objekt omkring ein av dei tre aksane, klikk for å markera objektet og klikk så igjen for å visa rotatsjonshandtaka. Dra eit handtak i den retninga som du vil rotera objektet.


Kube

Teikn ein fylt kube. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg opp figuren om du vil teikna eit 3D-rektangel.

Ikon

Kube

Kule

Teikn ei fylt kule. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg opp figuren om du vil teikna ein omdreiingslekam.

Ikon

Kule

Sylinder

Teikn ein sylinder som er basert på ein sirkel du dreg. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg opp figuren for å teikna ein sylinder som er basert på ei oval.

Ikon

Sylinder

Kjegle

Teikn ei kjegle som er basert på ein sirkel. Vil du teikna ei kjegle som er basert på ein oval, hald nede «Shift»-tasten medan du dreg opp figuren.

Ikon

Kjegle

Pyramide

Teikn ein pyramide med eit kvadrat som grunnflate.Vil du teikna ein pyramide med rektangulær grunnflate, hald nede «Shift»-tasten medan du dreg opp figuren. For å laga ein mangekant som grunnflate for ein pyramide; opna 3D-effektar og vel fana Geometri. I Segment vel du kor mange sider mangekanten skal ha i Vassrett-boksen. Til slutt trykkjer du på den grøne haka for å bruka dei nye eigenskapane på figuren du skal laga.

Ikon

Pyramide

Smultring

Teikn eit ringforma objekt (smultring) basert på ein sirkel. Vil du teikna ein «smultring» basert på ein oval, hald nede «Shift»-tasten medan du dreg opp figuren.

Ikon

Smultring

Skal

Teiknar eit skal med form som ein bolle basert på ein sirkel.Vil du teikna eit skal som er basert på ein oval, hald nede «Shift»-tasten medan du dreg opp figuren.

Ikon

Skal

Halvkule

Teiknar ei halv kule. Vil du teikna ein halv omdreiingslekam, hald nede «Shift»-tasten medan du dreg opp figuren.

Ikon

Halvkule

Slå saman 3D-objekt