Kurve
Kurveknappen på teiknelinja opnar verktøylinja Linjer, der du kan leggja til linjer og former i lysbiletet.
Dersom du held nede Shift-tasten vert flyttinga av musepeikaren avgrensa til multiplar av 45 grader. Held du nede OptionsAlt-tasten vil det nye punktet ikkje verta bunden saman med det siste punktet. Dette gjer at du kan lage objekt som er set saman av kurver som ikkje er bundne til kvarandre. Teiknar du eit mindre objekt medan du held nede OptionAlt-tasten, inne i eit større objekt som du ikkje har lukka, vil det minste objektet verta dregen frå det største og såleis laga eit «hol» i det største objektet.
Lukka figurar bvert automatisk fylt som vist i feltet Områdestil/-fyll på verktøylinja Linje og fyll.
Kurve, fylt
Teikn ei fylt og lukka form som er basert på ei Bézier-kurve. Trykk der du vil at kurva skal starte og dra. Slepp for å avslutta. Trykk så der du vil at kurva skal slutta. Flytt peikaren og trykk igjen for å leggja eit rett linjesegment til kurva. Dobbeltklikk for å lukka forma.
Kurve, fylt
Mangekant, fylt
Teikn ei lukka form ut frå rette linjesegment. Trykk der du vil at mangekanten skal starta og dra for å teikna eit linjesegment. Trykk igjen for å velja kvar linjesegmentet skal slutta og hald fram med å trykkja til du har teikna dei andre linjene i mangekanten. Dobbeltklikk for å gjera teikninga ferdig. Hald nede «Shift» når du klikkar for å avgrensa mangekanten til 45-graders vinklar.
Mangekant, fylt
Mangekant (45°), fylt
Teikn ei lukka form ut frå rette linjesegment i 45-graders vinklar. Trykk der du vil at mangekanten skal starta og dra for å teikna eit linjesegment. Trykk igjen for å velja kvar linjesegmentet skal slutta og hald fram med å trykkja til du har teikna dei andre linjene i mangekanten. Dobbeltklikk for å gjera teikninga ferdig. Hald nede «Shift» når du klikkar dersom du ikkje vil at vinklane skal vera avgrensa til 45 grader.
Mangekant (45°), fylt
Frihandslinje, fylt
Teiknar ei linje på frihand der du dreg i lysbiletet. Når du slepp knappen vil LibreOffice laga ei lukka form ved å teikna ei rett linje frå sluttpunktet til startpunktet til linja. Forma innføre linjene vert fylt med den gjeldande områdefargen.
Frihandslinje, fylt
Kurve
Kurve
Mangekant
Mangekant
Mangekant (45°)
Teiknar ei linje set saman av ein serie rette linjesegment i 45 gradars vinklar. Dra for å teikna eit linjesegment, klikk for å definera endepunktet på segmentet og dra deretter vidare for å definera neste segment. Dobbeltklikk for å avslutta teikninga. For å laga ein lukka figur, hald nede OptionAlt-tasten og dobbeltklikk.
Mangekant (45°)
Frihandslinje
Frihandslinje