Ellipse

Ved å bruka «Tilpass verktøylinja» kan du leggja til ellipsesymbolet som opnar verktøylinja Sirklar og ellipsar (klassisk).

Ellipse

Teiknar ein fylt ellipse der du drar med musepeikaren i det gjeldende dokumentet. Klikk der du vil teikna ein ellipse og dra til den storleiken du vil ha. Hald nede Shift-tasten for å teikna ein sirkel.

Ikon

Ellipse

Sirkel

Teiknar ein fylt sirkel. Venstreklikk med musa der du ønskjer å plassera sirkelen og hald nede medan du dreg ut sirkelen til den storleiken du vil ha. Hald nede «Shift»-tasten samtidig som du dreg for å teikna ei ellipse.

Ikon

Sirkel

Ellipsesektor

Teikn ein fylt figur som er basert på bogen i ein oval og to radiuslinjer i dette dokumentet. For å teikna ein ellipsesektor, dra ellipsen til den storleiken du ønskjer, og trykk så for å laga den første radiuslinja.Flytt musepeikaren til der du ønskjer å plassera den andre radiuslinja og trykk igjen. Du treng ikkje trykkja på ellipsen. Hald nede «Shift» medan du dreg for å teikna ein sirkelsektor.

Ikon

Ellipsesektor

Sirkelsektor

Teikn ein fylt figur som er basert på bogen i ein sirkel og to radiuslinjer i dette dokumentet. For å teikna eit sirkelsegment, dra sirkelen til den storleiken du ønskjer, og trykk så for å laga den første radiuslinja.Flytt musepeikaren til der du ønskjer å plassera den andre radiuslinja og trykk igjen. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. For å teikna eit ellipsesegment, hald nede «Shift» medan du dreg.

Ikon

Sirkelsektor

Ellipsesegment

Teiknar ein fylt figur som er basert på bogen i ein oval og ei diameterlinje. For å teikna eit ellipsesegment, dra ut ellipsen til den storleiken du vil ha, trykk så der du vil ha startpunktet til linja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk. Du treng ikkje trykkja på ellipsebogen. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg for å teikna eit segment som er basert på ein sirkel.

Ikon

Ellipsesegment

Sirkelsegment

Teiknar ein fylt figur som er basert på bogen i ein sirkel og ei diameterlinje i det gjeldande dokumentet. For å teikna eit sirkelsegment, dra ut sirkelen til den storleiken du vil ha, trykk så der du vil ha startpunktet til diameterlinja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk igjen. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg for å teikna eit ellipsesegment.

Ikon

Sirkelsegment

Ellipse, utan fyll

Teiknar ein tom oval. Venstreklikk med musa der du ønskjer å plassera ovalen og hald nede medan du dreg ut ovalen til den storleiken du vil ha. Hald nede «Shift»-tasten samtidig som du dreg for å teikna ein sirkel.

Ikon

Ellipse, utan fyll

Sirkel, utan fyll

Teiknar ein tom sirkel. Venstreklikk med musa der du ønskjer å plassera sirkelen og hald nede medan du dreg ut sirkelen til den storleiken du vil ha. Hald nede «Shift»-tasten samtidig som du dreg for å teikna ein ellipse.

Ikon

Sirkel, utan fyll

Ellipsesektor, utan fyll

Teiknar ein tom figur som er laga av bogen i ein oval og to radiuslinjer. For å teikna ein ellipsesektor, dra ein oval til den storleiken du ønskjer og klikk deretter for å definera den første radiuslinja. Flytt musepeikaren til der du vil ha den andre radiuslinja og klikk. Du treng ikkje å klikka på ovalen. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg for å teikna ein sirkelsektor.

Ikon

Ellipsesektor, utan fyll

Sirkel, utan fyll

Teiknar ein tom figur som er laga av bogen i ein sirkel og to radiuslinjer. For å teikna ein sirkelsektor, dra ein sirkel til den storleiken du ønskjer og trykk deretter for å laga første radiuslinja. Flytt musepeikaren til der du vil ha den andre radiuslinja og trykk. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg for å teikna ein ellipsesektor.

Ikon

Sirkel, utan fyll

Ellipsesektor, utan fyll

Teiknar ein tom figur som er basert på bogen i ein oval og ei diameterlinje. For å teikna eit ellipsesegment, dra ellipsen til den storleiken du vil ha, trykk så der du vil ha startpunktet til linja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk. Du treng ikkje trykkja på ellipsebogen. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg for å teikna eit segment som er basert på ein sirkel.

Ikon

Ellipsesektor, utan fyll

Ellipsesektor, utan fyll

Teiknar ein tom figur som er basert på bogen i ein sirkel og ei rett linje. Dra ut ein sirkel til den storleiken du vil ha, trykk så der du vil ha startpunktet til linja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg for å teikna eit segment som er basert på ei ellipse.

Ikon

Ellipsesektor, utan fyll

Boge

Teiknar ein boge i det gjeldande dokumentet. Dette gjer du ved å dra ut ein sirkel og klikka for å setja startpunktet til bogen. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og klikk. Du treng ikkje å trykkja på sjølve sirkelen. Hald nede Shift-tasten medan du dreg for å teikna ein boge som er basert på ein ellipse.

Ikon

Boge

Sirkelboge

Teiknar ein boge som er basert på ein sirkel. Dra ut ein sirkel og klikk deretter for å definera startpunktet til bogen. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og klikk. Du treng ikkje å klikka på sjølve sirkelen. Hald nede «Shift»-tasten medan du dreg for å teikna ein boge som er basert på ei ellipse.

Ikon

Sirkelboge