Tekst

Verktøylinja «Tekst» inneheld nokre ikon for å setja inn ulike typar tekstboksar.

Tekst

Lag ei tekstramme på den staden i dokumentet der du klikkar eller drar. Klikk kvar som helst i dokumentet og skriv eller lim deretter inn teksten.

Ikon

Tekst

Tilpass tekst til ramme

Lag ei tekstramme på den staden i dokumentet der du klikkar eller drar. Storleiken på teksten som du skriv inn vert automatisk tilpassa storleiken på tekstramma. Klikk kvar som helst i dokumentet og skriv eller lim deretter inn teksten.

Ikon

Tilpass tekst til ramme

Snakkebobler

Teiknar ei linje som endar i ei rektangulær snakkeboble i frå der du dreg i det gjeldande dokumentet. Tekstretninga er vassrett. Dra i eit handtak på snakkebobla for å endra storleiken på ho. For å endra ei rektangulær snakkeboble til ei avrunda, kan du dra i det største hjørnehandtaket når peikaren endrar seg til ei hand. For å leggja til tekst, kan du klikka på kanten av forklaringa og skriva eller setja inn teksten din.

Ikon

Snakkebobler

Støtte for asiatiske språk

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Loddrette snakkebobler

Ikon

Teiknar ei linje som endar i ei rektangulær snakkeboble med vassrett tekstretning. Klikk og dra ut linja i dokumentet. Dra i eit handtak på snakkebobla for å endra storleiken på ho. Trykk på kanten av snakkebobla for å skriva eller lima inn tekst. For å endra frå ei rektangulær boble til ei oval boble, kan du dra i dei største hjørnehandtaka når musepeikaren vert til ei hand. Er berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er slått på.

Loddrett tekst

Ikon

Teiknar ein tekstboks med loddrett tekstretning der du trykkjer og dreg i dokumentet. Trykk ein stad i dokumentet og skriv eller lim inn teksten. Du kan også flytta musepeikaren dit du vil leggja inn teksten, dra ein tekstboks, og så skriva eller lima inn teksten. Berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er slått på.

Tilpass loddrett tekst til ramme

Lag ei tekstramme for loddrett tekst der du klikkar eller drar i dokumentet. Storleiken på teksten du skriv inn vert automatisk tilpassa storleiken på tekstramma. (Slå på støtte for asiatisk tekst for å kunna bruka dette ikonet.) Klikk kvar som helst i dokumentet og skriv eller lim deretter inn teksten. Du kan òg flytta peikaren dit du vil ha teksten, laga ei tekstramme og så skriva inn eller lima inn teksten.

Ikon

Tilpass loddrett tekst til ramme