Modus

Endra forma, retninga eller fyllet i dei valde objekta.

Ikon

Effektar (gjeld berre LibreOffice Draw)

For å opna verktøylinja Modus i LibreOffice Draw, kan du trykkja på pila ved sida av ikonet Effektar på verktøylinja Teikning. I LibreOffice Impress vel du Vis → Verktøylinjer → Modus.

Roter

Roterer eller forskyv dei valde 2D-objekta rundt eit omdreiingspunkt. Dra eit hjørnehandtak på objektet i den retninga du vil rotera det i. For å forskyva eit objekt, dreg du midthandtaket i den retninga du vil forskyva det i.

Kvart lysbilete har berre eit omdreiingspunkt. Dobbeltklikk på eit objekt for å flytta omdreiingspunktet til midten av objektet. Du kan òg dra omdreiingspunktet til ein ny plass på skjermen og deretter rotera objektet.

Merknadsikon

Viss du vel ei gruppe som inneheld eit 3D-objekt, vert berre 3D-objektet rotert. Du kan ikkje forskyva eit 3D-objekt. I staden kan du rotera det om X- og Y-aksen ved å dra i midthandtaka.


Ikon

Roter

Spegelvend

Spegelvender dei valde objekta om ei vendelinje som du kan dra ut til kvar som helst på lysbiletet. Dra eit handtak frå objekta over vendelinja for å snu objekta. Dra eit av endepunkta til vendelinja til ein ny stad for å endra retninga.

Ikon

Spegelvend

I 3D-dreieobjekt

Gjer om dei valde 2D-objekta til 3D-objekt ved å rotera objekta rundt ei symmetrilinje.

Dra symmetrilinja til ei ny plassering for å endra forma på det omgjorde objektet. For å endra retning på symmetrilinja, kan du dra i eit av endepunkta. Trykk på objektet for å gjera det om til 3D.

Ikon

I 3D-dreieobjekt

Set i sirkel (perspektiv)

Forvrengjer det valde objektet ved å pakka det rundt imaginære sirklar og deretter leggja til perspektiv. Dra i eit handtak på det valde objektet for å forvrengja det. Dersom det valde objektet ikkje er ein mangekant eller ei Bézier-kurve, får du melding om at du først må gjera objektet om til ei kurve.

Ikon

Set i sirkel (perspektiv)

Set i sirkel (skråstilt)

Forvrengjer det valde objektet ved å pakka det rundt imaginære sirklar. Dra i eit handtak på det valde objektet for å forvrengja det. Dersom det valde objektet ikkje er ein mangekant eller ei Bézier-kurve, får du melding om at du først må gjera objektet om til ei kurve.

Ikon

Set i sirkel (skråstilt)

Forvreng

Let deg dra i handtaka for å endra forma på objektet. Dersom det valde objektet ikkje er ein mangekant eller ei Bézier-kurve, får du melding om at du først må gjera om objektet til ei kurve.

Ikon

Forvreng

Gjennomsikt

Legg ein gjennomsiktig fargeovergang til det valde objektet. Gjennomsiktslinja representerer ein gråskala der det svarte handtaket svarar til 0 % gjennomsikt og det kvite handtaket 100 % gjennomsikt.

Dra i det kvite handtaket for å endra retninga for gjennomsikta i fargeovergangen. Dra i det svarte handtaket for å endre lengda på fargeovergangen. Du kan også dra og sleppe fargar på handtaka frå Farge-linja for å endra gråtoneverdiane deira.

Merknadsikon

For å vise Fargelinja, vel Vis → Verktøylinjer → Fargelinje.


Ikon

Gjennomsikt

Fargeovergang

Endra fargeovergangen til fyllet av det valde objektet. Denne kommandoen er berre tilgjengeleg dersom du har lagt ein fargeovergang til det valde objektet ved å velja Format → Område. Dra handtaka til overgangslinja for å endra retning eller lengd på overgangen. Du kan òg dra og sleppa fargar til handtaka frå Fargelinja for å endra fargen.

Merknadsikon

For å vise Fargelinja, vel Vis → Verktøylinjer → Fargelinje.


Ikon

Fargeovergang