Tekstanimasjon
Vel tekstanimasjonsinnstillingane for den gjeldande effekten i vindaugetEffektinnstillingar.
Gruppetekst
Bestemmer korleis fleire avsnitt skal animerast.
-
Som eitt objekt – alle avsnitta vert animerte som eitt objekt.
-
Alle avsnitt på ein gong – alle avsnitta er animert på ein gong, men kan ha ulike effektar.
-
Ved avsnitt på første nivå – det første avsnittsnivået, medrekna undernivåavsnitt vert animerte eitt etter eitt.
Automatisk etter
Viss «Gruppetekst → Ved avsnitt på første nivå» er vald, vert avsnitta animerte eitt etter eitt.
Skriv ei tilleggsforseinking i sekund som skal brukast på animeringa av dei neste avsnitta.
Animer tilknytt form
Slå av merkinga på denne boksen for å animera berre teksten, ikkje forma.
I motsett rekkjefølgje
Animerer avsnitta i omvendt rekkjefølgje.