Figurar

Opprettar ein figur utifrå to eller fleire valde objekt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Endra → Former (gjeld berre i LibreOffice Draw)

Vel to eller fleire objekt, opna sprettoppmenyen og vel Former


Figurar får eigenskapane frå det nedste objektet i oppstillingsrekkjefølgja.

Slå saman

Legg området til dei valde objekta til området til det lågaste objektet i utvalet. Denne funksjonen er mest nyttig i samband med overlappande objekt.

Trekk frå

Trekk området til dei valde objekta frå området til det lågaste objektet.

Snitt

Lag ein figur av det overlappande området frå dei valde objekta.