Til mangekant

Gjer det valde objektet om til ein mangekant (eit slutta objekt sett saman av rette linjer). Utsjånaden til objektet vil ikkje endra seg. Dersom du vil, kan du høgreklikka og velja Rediger punkt for å sjå endringane.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Endra → Gjer om → Til mangekant (gjeld berre i LibreOffice Draw)

Opna sprettoppmenyen for eit valt objekt, og vel Gjer om → Til mangekant


Omgjering av bilete til vektorgrafikk

Gjer om til mangekant

Dei følgjande innstillingane er nødvendige for å gjera om eit bilete til ein mangekant. Det omgjorde biletet vera ei samling av mindre mangekantar fylde med farge.

Innstillingar

Vel innstillingane for omgjering av bilete.

Tal på fargar:

Vel kor mange fargar som skal visast i det omgjorde biletet. LibreOffice opprettar ein mangekant for kvar førekomst av ein farge i biletet.

Punktreduksjon

Fjern farga mangekantar som er mindre enn biletpunktverdiane du har valt.

Fyll hòl

Fyll fargegapa som skuldast at punktreduksjon er valt.

Flisstorleik

Skriv inn storleiken på rektangelet for bakgrunnsfyllet.

Kjeldebilete:

Førehandsvising av det opphavlege biletet.

Strekbilete:

Førehandsvising av det omgjorde biletet. Trykk på Førehandsvising for å laga strekbiletet.

Framgang

Viser framgangen i omgjeringa.

Førehandsvising

Førehandsvis det omgjorde biletet utan å leggja til endringane.