Innstillingar for lysbiletframvising

definerer innstillingar for framsyninga, som kva for lysbilete som skal vera det første, korleis du går frå eitt lysbilete til det neste, type presentasjon og peikarval.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Lysbiletframvising → Innstillingar for lysbiletframvising


Område

Vel kva lysbilete som skal takast med i lysbiletframvisinga.

Alle lysbileta

Ta med alle lysbileta i framvisinga.

Frå:

Oppgje nummeret på det lysbiletet som skal vera først i framvisinga.

Tilpassa lysbiletframvising

Start ei tilpassa lysbiletframvising med den rekkjefølgja du oppgav i Lysbiletframvising → Tilpassa lysbiletframvising.

Presentasjonsmodus

Vel lysbiletframvisingstype.

Fullskjerm

Lysbiletet vert vist over heile skjermen.

I eit vindauge

Lysbiletframvisinga vert vist i programvindauget til LibreOffice.

Løkke og gjenta etter

Start lysbiletframvisinga på ny etter pauseintervallet som er oppgjeve. Eit pausebilete vert vist mellom det siste og det første lysbiletet. Trykk Esc-tasten for å stoppa framvisinga.

Pausetid

Vel kor lang pausen skal vera før lysbiletframvisinga vert gjenteken. Skriv du inn null, vil framsyninga starta med ein gong, utan å visa eit pausebilete.

Vis logo

Vis LibreOffice-logoen på pausebiletet. Logoen kan ikkje bytast ut.

Innstillingar

Byt lysbilete manuelt

Vel at lysbilete aldri skal skiftast automatisk.

Musepeikar synleg

Vis musepeikaren under ei lysbiletframvising.

Musepeikar som penn

Endrar musepeikaren til ein penn som du kan bruka til å teikna på lysbileta under presentasjonen.

Merknadsikon

Alt du skriv med pennen vert verande i lysbiletet når du går ut av lysbiletvisinga. Eigenskapane til pennen kan endrast ved å velja kommandoen Pennbreidd eller Endra pennfarge i sprettoppmenyen medan du viser lysbileta.


Tillat animasjonar

Vis animasjonar (GIF-filer) under lysbiletframvisinga. Viss dette ikkje er vald, vert berre det første biletet i animasjonen vist.

Byt lysbilete ved å trykkja på bakgrunnen

Gå vidare til neste lysbilete når du trykkjer på bakgrunnen til eit lysbilete.

Presentasjon alltid fremst

LibreOffice-vindauget vert halde øvst under presentasjonen. Ingen andre program vil visa sine vindauge over presentasjonen.

Fleire skjermar

Som standard vert hovudskjermen brukt til lysbiletvisingsmodus. Viss det gjeldande skrivebordet vert vist på meir enn ein skjerm, kan du velja kva skjerm som skal brukast til lysbiletframvisingsmodus i fullskjerm. Viss det gjeldande skrivebordet berre går over ein skjerm, eller viss fleirskjermsmoglegheita ikkje er støtta på det gjeldande systemet, kan du ikkje velja ein annan skjerm.

Presentasjonsvising

Vel ein skjerm som skal skal brukast for lysbiletframvising i fullskjerm.

Viss systemet tillèt å strekkja eit vindauge over alle dei tilgjengelege skjermane, kan du òg velja «Alle skjermar». I dette tilfelle vert presentasjonen fordelt på alle dei tilgjengelege skjermane.

Merknadsikon

Denne innstillinga vert lagra i brukaroppsettet, og ikkje i dokumentet.