Samhandling
Vel korleis det valde objektet skal oppføra seg når du trykkjer på det under ei framvising.
Handling ved museklikk
Vel kva hending som skal utførast når du trykkjer på det valde objektet under ei framsyning. Du kan òg tilordna handlingar til grupperte objekt.
Inga handling
Inga handling vert gjord.
Gå til førre lysbilete
Flyttar eitt lysbilete tilbake i presentasjonen.
Gå til neste lysbilete
Flyttar eitt lysbilete fram i presentasjonen.
Gå til første lysbilete
Hoppar til det første lysbiletet i presentasjonen.
Gå til siste lysbilete
Hoppar til det siste lysbiletet i presentasjonen.
Gå til side eller objekt
Hoppar til eit lysbilete eller eit namngjeve objekt i eit lysbilete.
Mål
Listar opp lysbileta og objekta du kan setja som mål.
Lysbilete/objekt
Skriv inn namnet på lysbiletet eller objektet du vil finna.
Søk
Søk etter det oppgjevne lysbiletet eller objektet.
Gå til dokument
Opna og vis ei fil under ei lysbiletframsyning. Dersom du vel ei LibreOffice-fil som måldokument, kan du òg velja kva for side som skal opnast.
Dokument
Vel plasseringa til måldokumentet.
Dokument
Oppgje adressa til fila du vil opna, eller trykk Bla gjennom for å finna henne.
Bla gjennom
Finn fila du vil opna.
Spel lyd
Spelar av ei lydfil.
Lyd
Vel plasseringa til lydfila.
Lyd
Oppgje adressa til lydfila du vil opna, eller trykk Bla gjennom for å finna henne.
Bla gjennom
Finn lydfila du vil spela av.
Viss du ikkje installerte lydfiler med LibreOffice, kan du køyra installasjonsprogrammet for LibreOffice ein gong til og velja Endra.
Spel av
Spelar av den valde lydfila.
Køyr program
Startar eit program under ein presentasjon.
Program
Program
Oppgje adressa til programmet du vil starta, eller trykk Bla gjennom for å finna det.
Bla gjennom
Finn programmet du vil starta.
Køyr makro
Køyrer ein makro under lysbiletframvisinga.
Makro
Makro
Vel adressa til makroen du vil køyra, eller trykk Bla gjennom for å finna han.
Bla gjennom
Finn makroen du vil køyra.
Avslutt presentasjon
Avsluttar presentasjonen.
Start objekthandling
Du kan velja oppføringa Start objekthandling for innsette OLE-objekt.
Rediger
Opnar objektet i redigeringsmodus.