Lysbiletovergang
Vel kva spesialeffekt som skal spelast av når du viser eit lysbilete under ei lysbiletframvising.
For å bruka den same overgangseffekten på meir enn eitt lysbilete, byter du til Lysbiletsortering, vel lysbileta og vel deretter Lysbiletframvising → Lysbiletovergang.
Lysbiletovergang
Vel lysbiletovergangen som skal brukast på dei merkte lysbileta.
Variant.
Vel ein variant for overgangen. Denne lista er berre tilgjengeleg for ein del overgangar.
Lengd
Set kor lang tid overgangen skal bruka.
Lyd
Listar lydar som kan spelast under lysbiletovergangen.
Spel i løkke til neste lyd
Vel dette for å spela lyden om og om att fram til ein ny lyd vert spelt.
Gå til neste lysbilete
Vel korleis det neste lysbiletet skal hentast.
Ved museklikk
Vel dette for å byta til neste lysbilete når du klikkar.
Automatisk etter
Vel dette for å byta til neste lysbilete etter eit visst tal på sekund. Skriv inn talet på sekund i talfeltet ved sidan av rulleknappen eller trykk på rulleknappen.
Bruk overgangen på alle lysbileta
Bruker den valde lysbiletovergangen på alle lysbileta i denne presentasjonen.
Spel av
Førehandsviser den valde lysbiletovergangen.
Automatisk førehandsvising
Vel dette for automatisk å sjå lysbiletovergangane i dokumentet.