Lysbiletutforming

Vis dialogvindauget Lysbiletutforming. Der kan du velja eit stiloppsett for lysbiletet. Alle objekt i lysbiletutforminga vert sette inn bak objekt i lysbiletet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Lysbilete → Hovudutforming for lysbilete


Lysbiletutforming

Viser dei lysbiletutformingane som du kan bruka på lysbiletet. Vel eit oppsett og trykk OK for å bruka oppsettet på det gjeldande lysbiletet.

Byt bakgrunnsside

Bruker bakgrunnen i den valde biletutforminga på alle lysbileta i dokumentet.

Slett ubrukte bakgrunnar

Slettar ubrukte bakgrunnslysbilete og presentasjonsutformingar frå dokumentet.

Last inn

Viser dialogvindauget Last inn lysbiletutforming der du kan velja fleire lysbiletutformingar.