Stilar

Opnar stilhandsamaren i sidepanelet med ei liste over alle tilgjengelege bilet- og presentasjonsstilar som du kan bruka eller redigera.

Stilhandsamaren i LibreOffice Impress oppfører seg annleis enn i andre LibreOffice-program. For eksempel kan du oppretta, redigera og bruka Biletstilar, men du kan berre redigera Presentasjonsstilar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Stilar

På verktøylinja Formatering, trykk

Ikon

Stilar


Når du redigerer ein stil, vert endringane automatisk brukte på alle elementa som er formaterte med denne stilen i dokumentet. Viss du vil vera sikker på at stilane i eit visst lysbilete ikkje vert oppdaterte, kan du oppretta eit nytt hovudlysbilete.

Presentasjonsstilar

Vis stilar som er brukte i automatiske oppsett for LibreOffice Impress. Du kan berre endra presentasjonsstilar.

Ikon

Presentasjonsstilar

Biletstilar

Viser stilar for formatering av grafiske element, inkludert tekstobjekt.

Ikon

Biletstilar

Fyllformatmodus

Legg den valde stilen til eit objekt i lysbiletet. Trykk på malingsspann-knappen og deretter på eit objekt i lysbiletet for å leggja til stilen. Trykk på malingsspann-knappen igjen for å gå ut av denne modusen.

Ikon

Fyllformatmodus

Ny stil frå utval

Lag ein ny stil ved å bruka formatattributta til eit merkt objekt.

Ikon

Ny stil frå utval

Oppdater stil

Oppdater stilen som er vald i stilhandsamaren med formateringa til det valde objektet.

Ikon

Oppdater stil

Stilliste/Stilgrupper/Sprettoppmenyen: Ny / Rediger/Slett

Lag, rediger, legg til og handsam stilar.