Felt

Viser vanlege felt som du kan setja inn i lysbiletet.

Viss du vil redigera eit felt i lysbiletet, vel du det og deretter Rediger → Felt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Felt


Dato (fast)

Set inn dato i lysbiletet som eit fast felt. Datoen vert ikkje automatisk oppdatert.

Dato (variabel)

Set inn dato i lysbiletet som eit variabelt felt. Datoen vert automatisk oppdatert når du oppdaterer fila.

Klokkeslett (fast)

Set inn klokkeslett som eit fast felt i lysbiletet. Klokkeslettet vert ikkje automatisk oppdatert.

Klokkeslett (variabelt)

Set inn klokkeslett som eit variabelt felt som vert oppdatert kvar gong du opnar fila.

Forfattar

Set inn fornamnet og etternamnet som står i LibreOffice-brukarinformasjonen i dette lysbiletet.

Sidetal

Set inn sidetal på den gjeldande sida eller det gjeldande lysbiletet. Viss du vil leggja til eit sidetal på kva side, vel du «Vis → Hovudlysbilete og set inn feltet for nummer. Du kan endra talformatet ved å velja fana → Innstillingar → Side og velja eit format i lista i området Utformingsinnstillingar.

Filnamn

Set inn namnet på den gjeldande fila. Namnet kjem opp etter at fila er lagra.