Utvid lysbilete

Lag eit nytt lysbilete frå kvart disposisjonspunkt på toppnivå (tekst på eitt nivå under tittelteksten i disposisjonsvisinga) i det valde lysbiletet. Disposisjonsteksten vert då tittelen på det nye lysbiletet. Disposisjonspunkt under toppnivået på originallysbiletet vert flytte opp eitt nivå på det nye lysbiletet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Utvid lysbilete


Du kan berre bruka funksjonen Utvid lysbilete viss lysbiletoppsettet inneheld eit tittelobjekt og eit disposisjonsobjekt.

Viss du vil gå tilbake til slik det var før, vel du Rediger → Angra.