Topp- og botntekst

Legg til eller endra tekst i plasshaldarane på toppen og botnen av lysbilete og hovudlysbilete.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Topp- og botntekst

Vel Set inn → Sidetal

Vel Set inn → Dato og klokkeslett


Dialogvindauget Topp- og botntekst inneheld desse fanene:

Legg ein topptekst eller ein botntekst til alle lysbileta

Bruka eit lysbiletoppsett på eit hovudlysbilete

Topptekst og botntekst

Ta med på lysbilete

Vel kva for element som skal takast med på lysbileta.

Botntekst

Legg til teksten du skriv i feltet Botntekst nedst på lysbiletet.

Tekst på botnen

Legg til teksten du skriv nedst på lysbiletet.

Topptekst

Legg til teksten du skriv i feltet Topptekst øvst på lysbiletet.

Tekst på toppen

Legg til teksten du skriv øvst på lysbiletet.

Dato og klokkeslett

Legg til dato og klokkeslett på lysbiletet.

Fast

Vis den datoen og det klokkeslettet du skriv inn i feltet.

Variabel

Vis datoen og klokkeslettet då lysbiletet vart oppretta. Vel eit datoformat frå lista.

Språk

Vel språk for dato- og tidsformat.

Lysbiletnummer/sidetal

Legg til lysbiletnummer eller sidetal.

Ikkje vis på det første lysbiletet

Vis ikkje informasjonen du valde i det første lysbiletet i presentasjonen.

Bruk på alle

Brukar innstillingane på alle lysbileta i presentasjonen (også dei tilhøyrande hovudlysbileta).

Bruk

Bruker dei gjeldande innstillingane på dei valde lysbileta.