Overgangstoning

Lag figurar og fordel dei jamt mellom to teikneobjekt.

LibreOffice teiknar ei rekkje mellomliggjande figurar mellom to valde objekt og grupperer resultatet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger → Overgangstoning (gjeld berre i LibreOffice Draw)


Innstillingar

Vel innstillingane for overgangstoning.

Steg

Vel kor mange figurar du vil ha mellom dei to valde objekta.

Eigenskapar for overgangstoning

Legg overgangstoning til linja og til fylleigenskapane for objekta. Dersom dei valde objekta for eksempel er fylde med ulike fargar, får du ein fargeovergang mellom dei to fargane.

Same retning

Legg til ein glatt overgang mellom dei valde objekta.