Personleg tilpassing

Du kan tilpassa LibreOffice med dei same tema som er tilgjengelege for Mozilla Firefox. Det valde temaet vert vist som bakgrunn i menylinja og verktøylinjer oppe og nede.

Tipsikon

Mozilla Firefox-tema er tilgjengelege på nettsida https://addons.mozilla.org/en-US/firefox/themes/.


Tipsikon

Alle tema som kan brukast i Firefox kan også brukast i LibreOffice. Men ikkje alle tema gjev like gode resultat. Viss det skjer for mykje i biletet, kan dette gjere det vanskelegare å lese symbol og menyar.


For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Personleg tilpassing


Firefox-tema:

Desse vala er tilgjengelege:

Normal utsjånad, ikkje bruk tema

Bakgrunnen for verktøylinjene arvar bakgrunnsinnstillingane frå skrivebordsmiljøet. Dette er standardinnstillinga for LibreOffice.

Installert tema (om dette finst)

Viser systemtemaet dersom dette er tilgjengeleg. Dersom systemadministratoren har lagt til eit globalt tema (for heile systemet) under installeringa av LibreOffice, vil dette valet visa dette.

Eige tema

Bruk dette valet for å opna dialogvindauget for «Vel Firefox-tema» og vel ditt eige.

Vel dialogvindauget for Firefox-tema

Dette dialogvindauget vert brukt for å installera bestemte tema og for eit raskt gjennomsyn av tema som finst på nettsida for Firefox-tema.

Tilpassa søk

Skriv eller lim inn adressa til nettsida for temaet. Bruk nettlesaren for å finne fram til nettsida og kopier adressa frå adresselinja. Lim ho deretter inn i tekstområdet til dialogvindauget. Trykk på Søk-knappen for å lasta ned og installere temaet i LibreOffice.

Føreslåtte tema etter kategori

Viser ni tilfeldige tema basert på kategoriane vist på knappane.

Trykk på ein av dei fem knappane for å visa ni tilfeldige tema i biletområdet frå den kategorien knappen viser.

Du vel eitt av dei viste tema ved å klikka på biletet av det og trykke OK.

Åtvaringsikon

Sidan temaet må hentast frå nettsida for Mozilla Firefox-tema, kan det hende du må vente nokre minutt før alle ni temabileta er fylte. Ver litt tålmodig.