Nettoppdatering

Set opp nokre innstillingar for automatisk varsling om og nedlasting av nettoppdateringar for LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Nettoppdatering


Sjå etter oppdateringar automatisk

Kryss av for å søke etter oppdateringar frå Internett periodisk og vel deretter kor ofte LibreOffice skal gjere desse søka. LibreOffice vil då søke ei gong om dagen, veka eller månaden så snart programmet har funne ei fungerande internettilkopling. Dersom du koplar til Internett via ein mellomtenar (proxytenar), må du definere denne i → Internett → Mellomtenar.

Når ei oppdatering er tilgjengeleg, vil ein knapp på menylinja visa ein forklarande tekst. Trykk på denne knappen for å halda fram.

Dersom du slår av denne oppdateringsfunksjonen, vert knappen fjerna frå menylinja.

Merknadsikon

Nettoppdatering er ein modul du kan velja om du vil installera eller ikkje. Du kan bruka tilpassa installasjon i installasjonsprogrammet for LibreOffice til å installera han.


Kvar dag

Ser etter oppdateringar ei gang om dagen.

Kvar veke

Ser etter oppdateringar ei gang i veka. Dette er standardinnstillinga.

Kvar månad

Ser etter oppdateringar ei gang i månaden.

Sjekk nå

Sjå etter oppdateringar nå.

Last ned oppdateringar automatisk

Slår på den automatiske oppdateringa til den oppgjevne mappa.

Mål for nedlastinga

Viser mappa som er vald for lagring av filer som vert lasta ned.

Endra

Klikk for å velja ei mappe som fila skal lastast ned til.