Tryggleiksnivå

Vel mellom eitt av dei fire tilgjengelege nivåa for makrotryggleik. Skilnaden på alternativa er tryggleiksnivået som vert bruk. Makroar som får lov til å køyre på eit høgt tryggleiksnivå, får også lov til å køyre på alle lågare tryggleiksnivå.

Svært høg

Berre makroar frå tiltrudde filplasseringar får lov til å køyra. Alle andre makroar, anten dei er signerte eller ikkje, vert slegne av.

Du kan velja tiltrudde filplasseringar på fana «Tiltrudde kjelder». Alle makroar frå ei tiltrudd filplassering får lov til å kjøyra.

Høg

Berre signerte makroar frå tiltrudde kjelder får lov til å køyra. Makroar som ikkje er signerte vert slått av.

Du kan velja tiltrudde filplasseringar på fana «Kjelder du stolar på». Berre signerte makroar frå ei kjelde du stolar på, får lov til å køyra. I tillegg får alle makroar frå ei tiltrudd filplassering lov til å køyra.

Medium

Krev stadfesting før makroar frå ikkje tiltrudde kjelder vert køyrde.

Du kan velja tiltrudde filplasseringar på fana «Tiltrudde kjelder». Signerte makroar frå ei kjelde du stolar på, får lov til å køyra. I tillegg får alle makroar frå ei tiltrudd filplassering lov til å køyra. Alle andre makroar krev stadfesting før dei vert køyrde.

Låg (ikkje tilrådd)

Alle makroar vert køyrde utan stadfesting. Bruk denne innstillinga berre dersom du er viss på at alle dokumenta som skal opnast er trygge.

Ein makro kan setjast til å starta automatisk, og kan utføra handlingar som kan gjere skade, for eksempel sletta eller gje filer nytt namn. Denne innstillinga vert ikkje tilrådd når du opnar dokument du har mottatt frå andre.