Java

Spesifiserer støttealternativ for javaprogram i LibreOffice, inkludert kva Java køyremiljø (JRE, Java Runtime Environment) som skal brukast. Du kan også velja å bruka eksperimentelle (ustabile) funksjonar som for eksempel makroinnspeling og bruk av avanserte oppsett.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Avansert


Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Sideval

Bruk eit Java-køyremiljø

Let deg køyra Java-program i LibreOffice. Når eit Java-program prøver å få tilgang til harddisken, vert det vist ei melding.

Java køyremiljø (JRE) er alt installert:

Vel Java-køyremiljøet du vil bruka. På nokre system må du venta litt før lista vert fylt ut. Dersom du endrar innstillingar her, krev nokre system også at du startar LibreOffice på nytt før dei nye innstillingane vert tekne i bruk. Stien til det valde Java-køyremiljet vert vist under lista.

Legg til

Legg til ein sti til rotmappa til Java-køyremiljøet (JRE) på datamaskinen. Angjev stien i det neste dialogvindauget som vert vist.

Parametrar

Opnar dialogvindauget Startparametrar for Java.

Klassesti

Opnar dialogvindauget Klassesti.

Valfrie funksjonar

Slå på eksperimentelle funksjonar

Dette valet slår på eigenskapar som førebels ikkje er fullstendig utprøvde eller som inneheld kjende feil. Denne lista vil variera frå versjon til versjon og kan også vere tom.

Slå på makroopptak

Dette valet slår på makroopptak slik at menyen Verktøy → Makroar → Opptak av makro vert tilgjengeleg.

Avanserte innstillingar

Opnar dialogvindauget for avanserte innstillingar og oppsett for LibreOffice.