Tilkoblingar

Definerer korleis tilkoplingar til datakjelder skal samlast i eit forråd.

Du kan bruka Tilkoplingar til å angje at tilkoplingar som ikkje lenger er nødvendige, ikkje vert sletta med ein gong, men vert haldne ledige i eit bestemt tidsrom. Viss ei ny tilkopling til datakjelda vert nødvendig på nytt i løpet av denne tidsperioden, kan den ledige tilkoplinga brukast på nytt til dette føremålet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice Base → Tilkoplingar


Sambandsforråd

Tilkoplingsforråd er slått på

Vel om dei valde tilkoplingane skal samlast.

Drivarar kjende i LibreOffice

Viser ei liste over kjende drivarar og tilkoplingsdata.

Noverande drivar

Drivaren som er i bruk no, vert vist under lista.

Slå på forråd for denne drivaren

Vel ein drivar frå lista og merk av for Slå på forråd for denne drivaren for å leggja til tilkoplinga til drivaren i forrådet.

Tidsgrense (sekund)

Vel tida det skal ta (i sekund) før eit samband som står i kø vert frigjeve. Dette kan vera alt mellom 30 og 600 sekund.