Komplekst tekstoppsett

Angjev innstillingane for dokument med kompleks tekstvising.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Språkinnstillingar → Språk → Komplekst tekstoppsett


Språk som bruker kompleks tekstvising (CTL)

Sekvenskontroll

I nokre språk, for eksempel thai, finst det reglar som gjer at bestemte teikn ikkje kan brukast ved sida av andre teikn. Viss du slår på kontroll av innskrivingssekvensar (SIC), vil ikkje LibreOffice tillata at eit teikn vert brukt ved sida av eit anna teikn viss det finst ein regel som ikkje tillet dette.

Bruk sekvenskontroll

Aktiverer sekvensinnskrivingkontroll for språk som for eksempel thai.

Avgrensa

Hindrar bruk og utskriving av teiknkombinasjonar som ikkje er tillatne.

Styring av skrivemerket

Vel korleis skrivemerket skal flyttast og brukast til å merke tekst i blanda tekst (når tekst som vert skriven frå venstre mot høgre vert blanda med tekst som vert skriven frå høgre mot venstre).

Logisk

Når du trykkjer «Pil høgre», vert skrivemerket flytt til slutten av teksten. Når du trykkjer «Pil venstre», vert skrivemerket flytt til byrjinga av teksten.

Visuelt

Skrivemerket vert flytt mot høgre når du trykkjer «Pil høgre» og mot venstre når du trykkjer «Pil venstre».

Generelle val

Tal (gjeld berre i tekst)

Angjev taltypen som skal brukast i tekst, tekst i objekt, felt og kontrollelement i alle LibreOffice-modular. Berre celleinnhaldet i LibreOffice Clac er upåverka av dette.

Denne innstillinga vert ikkje lagra i dokumentet, men i oppsettet for LibreOffice.