Alternativ for språkinnstillingar

Definerer eigenskapane for andre tilgjengelege språk.

Merknadsikon

Kategoriane Søk på japansk og Asiatisk oppsett vert viste berre når du vel Bruk for asiatiske språk i kategorien Språk og opnar dialogvindauget Innstillingar på nytt. Fana Kompleks tekstvising vert berre vist når Bruk for kompleks tekst (CTL) er vald.


For å bruka denne funksjonen …

Vel → Språkinnstillingar


Språk

Bestemmer standardspråk og andre lokale innstillingar for dokument.

Skrivestøtte

Vel eigenskapar for stavekontroll, synonymordbok og orddeling.

Søk på japansk

Vel innstillingane for søk på japansk.

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Asiatisk oppsett

Definerer dei typografiske standardinnstillingane for asiatisk tekst.

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Komplekst tekstoppsett

Angjev innstillingane for dokument med kompleks tekstvising.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.