Språk

Bestemmer standardspråk og andre lokale innstillingar for dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Språkinnstillingar → Språk


Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Språket til

Brukargrensesnitt

Vel det språket som skal brukast i brukargrensesnittet, for eksempel i menyar, dialogvindauge og hjelpetekstar. Du må ha installert ein fleirspråkleg versjon av LibreOffice eller ha minst éi ekstra språkpakke for å kunne gjera dette.

Innslaget «Forvald» i språklista vel språket som er sett i operativsystemet. Dersom dette språket ikkje er tilgjengeleg i LibreOffice , vert språket vald i installasjonen for LibreOffice sett som «normalspråket».

Lokale innstillingar

Vel dei lokale innstillingane for landet du er i. Dette påverkar innstillingar for nummerering, valuta og måleeiningar.

Innslaget «Forvald» i språklista vel språket som er vald for operativsystemet.

Endringar i dette feltet gjeld straks. Nokre format som er sette i standardinnstillingane, vert endra berre dersom dokumentet vert lasta inn på nytt.

Tast for desimalteikn - Same som i dei lokale innstillingane

Vel at tasten for desimalskiljeteikn som er sett som standardverdi på maskinen skal brukast når du trykkjer den tilsvarande tasten på taltastaturet.

Viss det er sett eit merke i denne avkryssingsboksen, vert teiknet som vert vist etter «Same som i lokalinnstillingane» sett inn når du trykkjer tasten på taltastaturet. Viss det ikkje er sett eit merke i denne avkryssingsboksen, vert teiknet som vert sett inn bestemt av systeminnstillingane.

Standarvaluta

Vel kva valuta som skal brukast som standard for valutaformat og valutafelt. Viss du byter til eit nytt språk, vert standardvalutaen endra automatisk.

Standardoppføringa er valutaformatet som er sett i den valde lokale innstillinga.

Viss du gjer endringar i feltet Standardvaluta, vert endringane overførte til alle opne dokument slik at det vert gjort tilsvarande endringar i dialogvindauga og knappane som styrer valutaformatet i desse dokumenta.

Godkjende datomønster

Spesifiserer datomønsteret for det gjeldande lokale språket. Tabellceller i Calc og Writer må ha inndata som høver til datomønsteret for lokale innstillingar for å kunne oppfatte innslaget som ein gyldig dato. Mønsteret for dei forvalde datoinnstillingane vert sett når programmet vert installert, men kan endrast i denne redigeringsboksen.

I tillegg til datomønsteret som vert definert her, vil alle lokale innstillingar godta inndata etter mønsteret i ISO 8601 Y-M-D, og frå og med LibreOffice 3.5 er også formatet YYYY-MM-DD akseptert.

Syntaks: Y betyr år, M betyr månad og D betyr dag, uavhengig av lokale innstillingar.

Standardspråk for dokument

Bestemmer kva språk som skal brukast i stavekontrollar, synonymordlister og i orddelingar.

Velja språk for dokumentet

Åtvaringsikon

Stavekontrollen for det valde språket fungerer berre dersom den tilsvarande språkmodulen er installert.Det er eit kryss framfor ei språkoppføring dersom ho er aktivert for dette språket.


Vestleg

Bestemmer kva språk som skal brukast i stavekontrollen av tekst med vestleg alfabet.

Asiatisk

Bestemmer kva språk som skal brukast i stavekontrollen av tekst med asiatisk alfabet.

Komplekse skript (CTL)

Bestemmer kva språk som skal brukast for kompleks tekstutforming.

Berre for dette dokumentet

Gjer at innstillingane for standardspråka berre gjeld for det aktive dokumentet.

Utvida språkstøtte

Vis brukargrensesnittelementa for austasiatisk tekst

Aktiverer støtte for asiatiske språk. Du kan nå tilpassa innstillingane for samsvarande asiatiske språk i LibreOffice.

Viss du skal skriva på kinesisk, japansk eller koreansk, kan du slå på støtte for desse språka i brukargrensesnittet.

Vis brukargrensesnittelementa for tovegs skriving

Slår på støtte for kompleks tekstvising. Du kan nå endre dei tilhøyrande innstillingane for kompleks tekstvising i LibreOffice.

Språk som bruker kompleks tekstvising (CTL)

Ignorer inndataspråket til systemet

Bestemmer om endringar i språkval for systemet og tatstaturspråk skal ignorerast. Viss dette vert ignorert, vil ny tekst som vert skrive inn følgja språket i dokumentet eller gjeldande avsnittet, ikkje systemspråket.

Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.