MS Office

Set innstillingane for import og eksport av Microsoft Office-dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Last inn/LagraMicrosoft Office


Innbygde objekt

I Innebygde objekt bestemmer du korleis Microsoft Office OLE-objekt skal importerast og eksporterast.

Desse innstillingane er gyldige når det ikkje finnes nokon Microsoft OLE-tenar (for eksempel i UNIX) eller når ingen LibreOffice OLE-tenar er klar til å redigera OLE-objekta.

Viss ein OLE-tenar er aktiv for det innebygde objektet, vert OLE-tenaren brukt for å handtera objektet.

Viss det ikkje er aktivert ein OLE-tenar for objektet, kan innebygde MathType-objekt konverterast til LibreOffice Math-objekt. For å kunna gjera dette, må MathType-objektet ikkje gå ut over MatType 3.1-spesifikasjonane.

Listeboks

Feltet Listeboks viser oppføringane for OLE-objekt-para som kan konverterast når du lastar inn i LibreOffice (O) og/eller når du lagrar i eit Microsoft-format (L).

Sett eit merke i boksen [O] i kolonnen framføre oppføringa viss eit Microsoft OLE-objekt skal gjerast om til det spesifiserte LibreOffice OLE-objektet når eit Microsoft-dokument vert lasta inn i LibreOffice.

Sett eit merke i boksen [L] i kolonnen framføre oppføringa viss eit LibreOffice OLE-objekt skal gjerast om til det spesifiserte Microsoft OLE-objektet når eit dokument vert lagra i eit Microsoft-filformat.

Teiknbakgrunn

Microsoft Office har to teikninnstillingar tilsvarande dei som er brukte for teiknbakgrunnar i LibreOffice. Merk av for den innstillinga (utheving eller skuggelegging) du vil bruka ved eksport til Microsoft Office sine filformat.