VBA-eigenskapar

Bestemmer generelle eigenskapar for lasting og lagring av Microsoft Office-dokument med VBA-kode (Visual Basic for Applications).

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Last inn/LagraVBA-eigenskapar

MS Word 97/2000/XP

Vel innstillingane for Microsoft Word-dokument.

Last inn Basic-kode

Lastar inn og lagrar Basic-koden frå eit Microsoft-dokument som ein eigen LibreOffice Basic-modul saman med dokumentet. Den fråkopla Microsoft Basic-koden er synleg i LibreOffice Basic IDE mellom Sub og End sub. Du kan redigera koden. Når dokumentet vert lagra i LibreOffice-format, vert også koden lagra. Vert dokumentet lagra i andre format, vert Basic-koden frå LibreOffice Basic IDE ikkje lagra.

Køyrbar kode

VBA-kode (Visual Basic for Applications) vert lasta inn og er klar til å køyrast. Viss det ikkje er sett eit merke i denne avkryssingsboksen, vil VBA-koden vera kommentert ut slik at du kan sjå på han, men han vert ikkje køyrd.

Tipsikon

Når VBA-koden er lese inn, set LibreOffice inn uttrykket Option VBASupport 1 i kvar Basic-modul for å slå på avgrensa støtte for VBA-uttrykk, -funksjonar og -objekt. Sjå Innstillingar for VBASupport-uttryk for meir om dette.

Lagra opphavleg BASIC-kode

Gjer at den ophavlege Microsoft Basic-koden som finst i dokumentet vert lagra i eit ekstra internt minne så lenge dokumentet er lasta inn i LibreOffice. Når dokumentet vert lagra i Microsoft-format, vert Microsoft Basic lagra igjen uendra.

Når du lagrar i eit anna format enn eit Microsoft-format, vert ikkje Microsoft Basic-koden lagra. Viss dokumentet for eksempel inneheld Microsoft Basic-kode, og du lagrar det i LibreOffice-format, kjem det fram ei åtvaring om at Microsoft Basic-koden ikkje vert lagra.

Avkryssingsboksen Lagra opphavleg Basic-kode har større prioritet enn avkryssingsboksen Last inn Basic-kode. Viss det er sett eit merke i begge boksane og du redigerer Basic-kode som er slått av i LibreOffice Basic IDE, vert den opphavlege Micosoft Basic-koden lagra når du lagrar i Microsoft-format. Det kjem fram ei melding som varslar om dette.

Du kan fjerna moglege Microsoft Basic-makrovirus frå Microsoft-dokumentet ved å fjerna merket i avkryssingsboksen Lagra opphavleg Basic-kode og lagra dokumentet i Microsoft-format. Då vert dokumentet lagra utan Microsoft Basic-kode.

MS Excel 97/2000/XP

Her vel du innstillingane for dokument i Microsoft PowerPoint.

MS PowerPoint 97/2000/XP