Standardfargar
Tildeler fargar til dataradene. Innstillingane gjeld berre for alle nye diagram som vert laga.
Diagramfargar
Viser alle fargane som er tilgjengelege for dataseriar. Merk ein dataserie for å endra fargen på han. Vel farge frå fargetabellen som ligg inntil.
Fargetabell
Du kan bruka denne tabellen til å byta ut diagramfargane for dei merkte dataseriane. Viss du for eksempel har merkt «Datarad 6» og trykkjer på fargen «Grøn 8» i fargetabellen, vert den gamle fargen for datarada byt ut med fargen «Grøn 8». Namnet på den valde fargen vert vist under fargetabellen.
Standard
Stiller fargeinnstillingane tilbake til slik dei vart sett då programmet vart installert.