Innstillingar

Definerer formelinnstillingar som gjeld for alle dokumenta.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit formeldokument og vel → LibreOffice Math → Innstillingar


Utskriftsval

Tittel

Vel om du vil ha med dokumentnamnet på utskrifta.

Formeltekst

Vel om du vil ha med innhaldet i kommandovindauget på slutten av utskrifta.

Kantlinje

Legg på ei tynn ramme rundt formelområdet på utskrifta.Overskriftsrad og Formeltekst får berre rammer dersom det er kryssa av for dette.

Utskriftsformat

Opphavleg storleik

Skriv ut formelen utan å endre den gjeldande skriftstorleiken. Ved store formlar kan det hende at ein del av kommandoteksten vert kutta av.

Tilpass til sida

Justerer formelen til sideformatet som vert brukt i utskrifta. Den verkelige storleiken vert bestemt av papirformatet som er brukt.

Skalering

Minskar eller aukar storleiken på den utskrivne formelen med ein gjeven faktor. Skriv forstørringsfaktoren direkte inn i Skalering eller set verdien ved å bruka pilknappane.

Andre alternativ

Flyttar skrivemerket til slutten av den gjeldande linja.

Vel om jokerteikna for mellomrom skal fjernast når du er på slutten av ei linje. I tidlegare versjonar av LibreOffice kunne du leggja til slike teikn på slutten av ei linje for å hindra at høgrekanten på formlar vart kutta ved utskrift.

Ta berre med symbol som er brukte (mindre filer)

Lagrar berre dei symbola som er brukte i formelen. I eldre versjonar av LibreOffice vart alle symbola lagra for kvar formel.