Generelt

Definerer dei generelle innstillingane for teiknings- og presentasjonsdokument.

For å bruka denne funksjonen …

Opna ein presentasjon og vel → LibreOffice Impress / LibreOffice Draw → Generelt


Tekstobjekt

Tillat snøggredigering

Dersom denne er på, kan du redigera teksten like etter at du har klikka på eit tekstobjekt. Dersom denne er av, må du dobbeltklikka for å kunne redigera teksten.

Berre tekstområdet kan merkast

Gjer at du kan laga ei tekstramme ved å trykkja på teksten.

I dei områda i ei tekstramme som ikkje inneheld tekst, kan du velja eit objekt bak tekstramma.

Nytt dokument (berre i presentasjonar)

Byrja med å velja mal

Vel om Vel ein vegvisar skal verta slått på når du opnar ein presentasjon med Fil → Ny → Presentasjon.

Innstillingar

Bruk mellomlager for bakgrunnen

Vel om du vil bruka mellomlageret når du skal visa objekt på hovudlysbiletet. Dette gjer at innhaldet vert vist snøggare på skjermen. Fjern avkryssinga for Bruk mellomlager for bakgrunnen dersom du vil visa innhald som endrar seg, på hovudlysbiletet.

Kopier ved flytting

Viss denne er slått på, vert det laga ein kopi når du flyttar eit objekt medan du held nede . Det same gjeld når du roterer eller endrar storleik på objektet. Det opphavlege objektet vert verande på den opphavlege plasseringa med uendra storleik.

Objekter alltid flyttbare

Vel om du vil flytta eit objekt når roteringsverktøyet er slått på. Dersom ikkje Objekt alltid flyttbare er valt, kan roteringsverktøyet berre brukast til å rotera eit objekt.

Ikkje forvreng objekt i kurve (gjeld berre på teikningar)

Beheld den relative justeringa av bézierpunkt og teikneobjekt i 2D når du forvrenger objektet.

Måleeining

Bestemmer måleeining for presentasjonar.

Tabulatoravstand

Bestemmer avstanden mellom tabulatorane.

Start presentasjon (gjeld berre i presentasjonar)

Slå på fjernkontroll

Viser at du ønskjer å bruka Bluetooth fjernkontroll når Impress køyrer. Fjern merkinga for Slå på fjernkontroll om du ikkje ønskjer å bruka fjernkontroll.

Slå på presentasjonskonsollen

Gjer at Presentasjonskonsollen er slått på under lysbiletframvisinga.

Vis større/mindre (gjeld berre på teikningar)

Målestokk

Bestemmer teikneskaleringa på linjalane.

Samspel (innstillingar som gjeld kvart enkelt dokument)

Innstillingane i dette området gjeld berre for det gjeldande dokumentet.

Bruk skrivarmål for dokumentformatering

Gjer at utskriftsstorleiken skal brukast også for skjermvisinga, i tillegg til utskrifta. Viss det ikkje er kryssa av for dette, vert det brukt eit oppsett som er uavhengig av skrivaren for skjermvising og utskrift.

Merknadsikon

Dersom du vel dette for det opne dokumentet og deretter lagrar det i, for eksempel eit eldre binærformat, vert ikkje denne innstillinga lagra i sjølve fila. Dersom du seinare opnar denne fila, vert denne innstillinga likevel brukt som standard.


Legg til mellomrom mellom avsnitt og tabellar

Gjer at LibreOffice Impress reknar ut avstandane mellom avsnitta nøyaktig slik Microsoft PowerPoint gjer det.

Microsoft PowerPoint reknar ut den samla avstanden mellom avsnitta ved å leggja saman avstanden til botnen av eit avsnitt og avstanden til toppen av det neste avsnittet. LibreOffice Impress bruker berre den største av desse to avstandane.