Skriv ut

Vel innstillingane for utskrift inne i ei teikning eller eit presentasjonsdokument.

For å bruka denne funksjonen …

Opna ein presentasjon og vel → LibreOffice Impress / LibreOffice Draw → Skriv ut


Skriv ut

Definerar tilleggselement som skal skrivast ut i sidemargen.

Sidenamn

Bestemmer om namnet på sida skal skrivast ut.

Dato

Bestemmer om gjeldande dato skal skrivast ut.

Klokkeslett

Bestemmer om gjeldande klokkeslett skal skrivast ut.

Gøymde sider

Vel om gøymde sider skal skrivast ut i presentasjonen.

Utskriftskvalitet

Sjå også Skriva ut i svart-kvitt.

Standard

Vel om du vil skriva ut i originalfargane.

Gråtonar

Vel om du vil skriva ut i fargar eller gråtoner.

Svart/kvit

Vel om du vil skriva ut i svart/kvitt.

Sideval

Vel tilleggsinnstillingar for utskrift av sidene.

Standard

Vel at du ikkje vil skalera sider når dei skal skrivast ut.

Tilpass til side

Vel om objekt som er utføre skrivarmargane skal skalerast slik at dei får plass på papiret brukt i skrivaren.

Side ved side

Gjer at sidene vert skrivne ut ved sida av kvarandre. Viss sidene eller lysbileta er mindre enn papirformatet, vert det skrive ut fleire sider på arket.

Brosjyre

Vel Brosjyre for å skriva ut dokumentet i brosjyreformat. Du kan også velja om du vil skriva ut framsida eller baksida eller begge.

Skrift

Vel Framside for å skriva ut framsida av brosjyren.

Tilbake

Vel Bakside for å skriva ut baksida av brosjyren.

Papirskuff frå skrivaroppsettet

Gjer at den papirskuffen som er definert i skrivaroppsettet skal brukast.