Rutenett

Vel innstillingane for rutenetta du kan setja opp for å laga og flytta objekt.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit presentasjonsdokument og vel → LibreOffice Impress/ LibreOffice Draw → Rutenett


Rutenett

Bestem innstillingane for eit rutenett du kan tilpassa og bruka på dokumentsidene dine. Dette rutenettet hjelper deg til å bestemma nøyaktig kvar objekt skal plasserast. Du kan også angje at dette rutenettet skal falla saman med eit «magnetisk» festerutenett.

Dersom du har slått på fest til rutenett, men ønskjer å flytta eller laga einskilde objekt utan å avgrensa desse til rutenettet, kan du halda nede «Shift»-tasten så lenge det er nødvendig.

Oppløysing

Vassrett

Bestemmer måleeininga for avstanden mellom rutenettpunkta på X-aksen.

Loddrett

Bestemmer måleeininga for avstanden mellom rutenettpunkta på Y-aksen.

Inndeling

Vassrett

Skriv inn nummeret på den siste posten som skal takast med i brevflettinga.

Loddrett

Skriv inn nummeret på den siste posten som skal takast med i brevflettinga.

Synkroniser ark

Vel om du vil endra dei gjeldande rutenettinnstillingane symmetrisk. Oppløysinga og inndelingane på X- og Y-aksen vert ikkje endra.

Fest

Til festelinjer

Festar kantane på eit objekt som du dreg til næraste festelinje når du slepp opp museknappen.

Du kan også slå på denne innstillinga ved å trykkja på knappen som kjem fram på verktøylinja Innstillingar når ein presentasjon eller ei teikning er ope.

Til sidemargane

Vel at omrisset av biletet vert justert til næraste sidemarg.

Markøren eller ei konturlinje for biletobjektet må vera i festeområdet.

I ein presentasjon eller i ei teikning kan du også slå på denne funksjonen ved hjelp av knappen på verktøylinja Innstillingar.

Til objektramma

Vel om omrisset av biletobjektet skal justerast i høve til kantlinja til det næraste biletobjektet.

Markøren eller ei omrisslinje til det grafiske objektet må vere innføre festeområdet.

I ein presentasjon eller i ei teikning kan du også slå på denne funksjonen ved hjelp av knappen på verktøylinja Innstillingar.

Til objektpunkta

Bestemmer om omrisset av bileteobjektet skal justerast i høve til punkta i det næraste biletobjektet.

Denne gjeld berre dersom markøren eller omrisset av det grafiske objektet er innføre festeområdet.

I ein presentasjon eller i ei teikning kan du også slå på denne funksjonen ved hjelp av knappen på verktøylinja Innstillingar.

Festeområdet

Angjev festeområdet mellom musepeikaren og omrisset av objektet. I LibreOffice Impress vert objekta fest til eit festepunkt viss musepeikaren er nærare enn avstanden som er vald i talboksen Festeområde.

Avgrens objekta

Når objektet vert oppretta eller flytt

Gjer at det grafiske objektet er avgrensa vassrett, loddrett og diagonalt (45°) når det vert laga eller når det vert flytt. Du kan slå av denne innstillinga ved å halda nede Shift-tasten.

Utvid kantane

Gjer at det vert laga eit kvadrat basert på den lengste sida i eit rektangel når Shift-tasten vert halde nede før du slepp opp museknappen. Dette gjeld også for ein ellipse som vil laga ein sirkel basert på den lengste diameteren i ellipsen. Når boksen Utvid kantar ikkje er avmerkt, vert det laga eit kvadrat eller ein sirkel basert på den kortaste sida eller diameteren.

Ved rotering

Gjer at grafiske objekt berre kan roterast innføre den rotasjonsvinkelen som er vald i kontrollen Ved rotering. Hald nede Shift-tasten når du roterer for å kunna rotera objektet utanfor den definerte vinkelen. Slepp tasten når du er ferdig.

Punktreduksjon

Bestemmer vinkelen for punktreduksjon. Det kan vera nyttig å redusera redigeringspunkta når du arbeider med mangekantar.