Vis

Vel kva for visingsmodusar som er tilgjengelege. Ved å velja ei alternativ vising, kan du auka tempoet på skjermvisinga medan du redigerer presentasjonen din.

Vis

Vis linjalar

Vel om linjalane over og til venstre for arbeidsområdet skal visast.

Hjelpelinjer under flytting

Vel om hjelpelinjene skal vera synlege medan du flyttar eit objekt.

LibreOffice viser prikka hjelpelinjer som strekkjer seg ut over boksen med det valde objektet. Hjelpelinjene dekkjer heile arbeidsområdet, slik at det vert enklare for deg å plassera objektet.

Du kan også bruka denne funksjonen ved hjelp av med same namn i verktøylinja Innstillingar dersom ein presentasjon eller ei teikning er open.

Alle kontrollpunkt i Bézier-handteraren

Viser kontrollpunkta til alle bézierpunkta dersom du på førehand har vald Bézierkurve. Dersom det er ikkje er merkt av for Alle kontrollpunkt i bézier, vert berre kontrollpunkta for dei merkte bézierpunkta viste.

Omriss av kvart enkelt objekt

I LibreOffice vert omrisset av kvart objekt vist når objektet vert flytt. Ved hjelp av valet Omriss av kvart einskild objekt kan du sjå om enkeltobjekt kolliderer med andre objekt i målområdet. Dersom du ikkje merkar av for Omriss av kvart einskild objekt, vil LibreOffice berre visa eit firkanta omriss rundt alle dei merkte objekta.