Innstillingar for LibreOffice Impress

Definerer ulike innstillingar for alle nye presentasjonar. Du kan angje kva innhald som skal visast, kva måleeining som skal brukast og om du vil bruka rutenett og justeringa av dette.

For å bruka denne funksjonen …

Opna ein presentasjon og vel → LibreOffice Impress


Generelt

Definerer dei generelle innstillingane for teiknings- og presentasjonsdokument.

Vis

Vel kva for visingsmodusar som er tilgjengelege. Ved å velja ei alternativ vising, kan du auka tempoet på skjermvisinga medan du redigerer presentasjonen din.

Rutenett

Vel innstillingane for rutenetta du kan setja opp for å laga og flytta objekt.

Skriv ut

Vel innstillingane for utskrift inne i ei teikning eller eit presentasjonsdokument.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.