Rekn ut

Vel innstillingar for utrekningane i rekneark. Vel kva reknearka skal gjera med gjentekne referansar, datoinnstillingar, talet på desimalplassar og om det skal skiljast mellom store og små bokstavar når du søkjer i reknearket.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit rekneark og vel → LibreOffice Calc → Rekn ut


Sirkelreferansar

I denne delen kan du avgense talet på steg som skal brukast ved gjentatte utrekningar. I tillegg kan du også betemme kor nøyaktig svaret skal visast.

Repetisjonar

Bestemmer om formlar med sirkelreferanser (formlar som vert gjentekne til problemet er løyst) skal reknast ut med eit bestemt tal på gjentakingar. Dersom boksen Repetisjonar ikkje er avmerka, vil ein sirkelreferanse i tabellen føre til at det vert vist ei feilmelding.

Eksempel: Utrekning av kostnad utan meirverdiavgift.

  1. Skriv inn teksten «Salspris» i celle A5, teksten «Nettopris» i celle A6 og teksten «Moms» i celle A7.

  2. Skriv inn ein salspris (for eksempel 100) i celle B5. Nettoprisen skal visast i celle B6 og momsen vert vist i celle B7.

  3. Du veit at momsen skal reknast ut som nettopris gonger 25 % og at du finn nettoprisen ved å trekkja momsen frå salsprisen. Skriv inn formelen =B5-B7 i B6 for å rekna ut nettoprisen og skriv inn formelen =B6*0,25 i celle B7 for å rekna ut momsen.

  4. Slå på repetisjonar for å rekne ut formlane på rett måte. Dersom du ikkje gjer dette, vert feilmeldinga «Feil: Sirkelreferanse» vist i statuslinja

A

B

5

Salspris

100

6

Nettopris

=B5-B7

7

Moms

=B6*0,15


Steg

Set det største talet på steg i gjennomgangen.

Minste endring

Vel skilnaden mellom resultatet frå to gjentakande steg. Viss skilnaden er mindre enn minimumsverdien for endring, stoppar gjennomgangen.

Dato

Vel startdato for den interne omrekninga frå dagar til tal.

30.12.1899 (standard)

Set 31. desember 1899 som dag null.

01.01.1900 (StarCalc 1.0)

Set 01.01.1904 som dag null. Bruk denne innstillinga for StarCalc-rekneark som inneheld datoar.

01.01.1904

Set 01.01.1904 som dag null. Bruk denne innstillinga for rekneark som vert importerte frå eit eksternt format.

Skil mellom store og små bokstavar

Kryss av her for å skilje mellom små og store bokstavar i teksten når du samanlikner innhaldet i celler.

Eksempel: Skriv inn teksten «Test» i celle A1 og teksten «test» i celle B1. Skriv deretter inn formelen «=A1=B1» i celle C1. Dersom Skil mellom små og store bokstavar er avmerkt, vil cella vise «USANN», elles vil ho vise «SANN».

Merknadsikon

Tekstfunksjonen EXACT skil alltid mellom store og små bokstavar, uavhengig av vala i dette dialogvindauget.


Åtvaringsikon

Slå av skiljet mellom stor og små bokstavar for å kunna brukast saman med Microsoft Excel.


Presisjon som vist

Set eit merke her for å gjera utrekningane med dei avrunda verdiane som vert viste i arket. Diagramma vil bruka verdiane som vert viste. Dersom det ikkje er merka av for Presisjon som vist, vil tala som vert viste vera avrunda, medan interne utrekningar vil bruka dei nøyaktige tala.

Søkjekriteria = og <> må gjelda heile celler

Bestemmer at søkjekriteria du vel for databasefunksjonar i Calc skal vere i nøyaktig samsvar med heile cella. Når det er merkt av for Søkjekriteriar = og <> må gjelde heile celler og feltet Slå på jokerteikn i formlar er merkt, fungerer LibreOffice Calc på nøyaktig same måte som MS Excel ved søk i celler med databasefunksjonane.

* er plassert slik:

Søkjeresultat:

win

Finn win, men ikkje win95, os2win og upwind

win*

Finn win og win95, men ikkje os2win eller upwind

*win

Finn win og os2win, men ikkje win95 eller upwind

*win*

Finn win, win95, os2win og upwind


Dersom det ikkje er merkt av for Søkjekriteria = og <> må gjelda heile celler, gjev søkjemønsteret «win» same resultatet som «.*win*». Søkjemønsteret kan vera kvar som helst i ei celle når du søkjer med databasefunksjonar i Calc.

Åtvaringsikon

Slå på samsvar for heile cella i rekneark som skal samarbeida med Microsoft Excel.


Slår på jokerteikn i formlar

Bestemmer at jokerteikn er slått på ved søking og ved samanlikning av tekststrengar.

Åtvaringsikon

Slår på bruken av jokerteikn i rekneark som skal fungera saman med Micrsoft Excel.


Bruk regulære uttrykk i formlar

Bestemmer at regulære uttrykk kan brukast i staden for jokerteikn når du søkjer og ved samanlikning av tekststrengar.

Åtvaringsikon

Slå ikkje på regulære uttrykk i formlar i rekneark som skal fungera saman med Micrsoft Excel.


Ingen jokerteikn eller regulære uttrykk i formlar

Bestemmer at berre bokstavstrengar kan brukast når du søkjer og ved samanlikning av tekststrengar.

Åtvaringsikon

Slå ikkje av jokerteikn i formlar i rekneark som skal fungera saman med Micrsoft Excel.


Finn kolonne- og radoverskrifter automatisk

Vel at du kan bruka teksten i kva celle som helst til å sjå på kolonneområdet under teksten, eller rada til høgre for teksten. Teksten må innehalda minst eitt ord, og kan ikkje innehalda operatorar.

Eksempel: Celle E5 inneheld teksten «Europa». Verdien i cella under ho, det vil seie i celle E6, er 100, og verdien i celle E7 er 200. Dersom det er kryssa av for Finn kolonne- og radoverskrifter automatisk, kan du skriva denne formelen inn i celle A1: =SUM(Europa).

Avgrens desimalar for generelle talformat

Du kan her velja kor mange desimalplassar som normalt vert viste i celler med generelt talformat. Dersom denne ikkje er aktivert, vert det vist så mange desimalar som det er plass til i cella.

Tal på desimalplassar

Bestemmer kor mange desimalar som skal visast når talformatet er Generelt. Tala som vert viste er avrunda, men dei meir nøyaktige tala vert lagra.