Sorteringslister
Alle sjølvvalde lister vert viste i dialogvindauget Sorteringslister. Du kan også definera og redigera dine eigne lister. Berre tekst kan brukast som sorteringslister, ikkje tal.
Liste
Viser alle tilgjengelege lister. Desse listene kan merkjast for redigering.
Oppføringar
Viser innhaldet i den merkte lista. Dette innhaldet kan redigerast.
Kopier liste frå
Bestemmer kva for rekneark og kva for celler som skal kopierast slik at innhaldet kan setjast inn i Lister. Det markerte området i reknearket er standard.
Kopier
Kopierer innhaldet i celleområdet som vert vist i feltet Kopier liste frå. Dersom du vel ein referanse til tilknytte rader og kolonnar, vert dialogvindauget Kopier liste vist når du trykkjer på knappen. Du kan bruka dette dialogvindauget til å velja om referansen skal gjerast om til sorteringslister som vert sorterte etter kolonne eller etter rad.
Ny/Forkast
Legg til innhaldet i ei ny liste i boksen Oppføringar. Namnet på knappen vert endra frå Ny til Forkast, slik at du kan sletta den nye lista.
Legg til / Endre
Legg til ei ny liste i boksen Lister. Viss du ønskjer å redigera denne lista i boksen Oppføringar, vil knappen endra namn frå Legg til til Endra slik at du kan føya til den nyleg endra lista.