Generelt

Bestemmer dei generelle innstillingane for rekneark.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice Calc → Generelt


Mål

Måleeining

Bestemmer måleeiningar i rekneark.

Tabulatoravstand

Bestemmer tabulatoravstanden.

Oppdater

Oppdater lenkjer ved innlasting

Åtvaringsikon

Innstillingane for automatisk oppdatering av lenkjer lagra i dokumentet er ignorert på grunn av tryggleiken. Lenkjeoppdateringar er alltid avgrensa i LibreOffice i → .LibreOffice → Tryggleik.


Alltid

Oppdater alltid lenkjer når eit dokument vert opna, men berre viss dokumentet er i eit filområdet du stolar på eller det globale tryggleiksnivået er lågt. Vert ikkje tilrådd.

Åtvaringsikon

Denne innstillinga vert handsama som På spørsmål dersom den globale makrotryggleiken er sett til låg i → LibreOffice → Tryggleik → Makro-tryggleik → Tryggleiksnivå Låg (ikkje tilrådd) eller at dokumentet er lagra på ein tiltrudd stad definert ved → LibreOffice → Tryggleik → Makro-tryggleik → Tiltrudde kjelder → Tiltrudde filplasseringar.


På oppmoding

Spør alltid om lenkjene skal oppdaterast når eit dokument vert lasta inn.

Aldri

Lenkjer vert aldri oppdaterte når eit dokument vert lasta inn.

Innstillingar for inndata

Trykk «Enter» for å flytte utvalet

Bestemmer kva retning markøren skal flyttast i reknearket når du trykkjer på «Enter».

Trykk «Enter» for å gå til endringsmodus

Tillet redigering av den merkte cella like etter at du har trykt Enter-tasten.

Utvid formatering

Bestemmer om den automatiske formateringa for dei merkte cellene også skal brukast på dei nærliggjande cellene. Dersom for eksempel innhaldet i dei merkte cellene er formatert med halvfeit skrift, vert også nabocellene formaterte med halvfeit skrift. Celler som er formaterte frå før, vil ikkje verta endra av denne funksjonen. Du kan sjå det aktuelle området ved å halda nede medan du trykkjer * (multiplikasjonsteiknet på taltastaturet). Dette formatet vert også brukt på alle nye verdiar innføre dette området. Celler utanfor dette området vert formaterte med standardinnstillingane.

Utvid referansar når nye celler/rader vert sette inn

Vel om referansane skal utvidast når nye rader eller kolonnar vert sette inntil referanseområdet. Dette er berre mogleg dersom referanseområdet der radene og kolonnane vert lagde til opphavleg var minst to celler breitt/høgt i ønskt retning.

Eksempel: Dersom ein formel har ein referanse til området A1:B1 og du set inn ein ny kolonne etter kolonne B, vert referansen utvida til å gjelda området A1:C1. Dersom det finst ein referanse til området A1:B1 og du set inn ei ny rad under rad 1, vert ikkje referansen utvida, fordi det berre finst éi enkelt celle i loddrett retning.

Viss du set inn rader eller kolonnar midt i referanseområdet, vert referansen alltid utvida.

Uthev merking i kolonne- og radoverskrifter

Bestemmer om kolonne- og radoverskrifter skal uthevast i den merkte kolonnen eller rada.

Bruk skrivarmål for dokumentformatering

Vel at utskriftsstorleiken skal gjelda for skjermvisinga i tillegg til utskrifta. Dersom dette ikkje er valt, vil eit skrivaruavhengig oppsett verta brukt til både utskrift og vising på skjermen.

Vis åtvaring om overskriving ved innliming av data

Gjer at det vert vist ei åtvaring når du limer inn celler frå utklippstavla til eit celleområde som ikkje er tomt.